Opna hovudmenyen

Jens Landmark (1. desember 18119. juli 1880) var ein norsk offiser , direktør for Kongsberg Våpenfabrikk og stortingsmann. Landmark var fødd på Brandal i Hareid, Andreas Landmark var far hans.

Jens Landmark
Fødd 17. desember 1811
Død

9. juli 1880

Yrke politikar, forretningsdrivande

Landmark vart kadett i november 1827 og sekondløytnant i Bergenske brigade 1831. Han vart utnemnd til surnumerær premierløytnant i artilleriet 1834 og til premierløytnant 1837. Frå august 1837 til august 1838 var han handverksoffiser ved hovudarsenalet og vart februar 1838 teken til opplæring som oppsynsmann ved Kongsberg Våpenfabrikk. Han vart oppsynsmann ved fabrikken oktober 1840. Landmark var direktør for Kongsberg Våpenfabrikk frå 1854, med rang som oberstløytnant frå 1864.

Landmark konstruerte eit vinkel-lamellsikte på KVs 18-lødige kammerladningsgevær, og var delaktig i utviklinga av eit fire-tommars kammerladningsgevær. Han var også opphavsmann til den såkalla Landmarkske forandringsmodell til marinens 18-lødige kammerladningsgevær.

I fleire år var Landmark medlem av bystyret i Kongsberg, ei tid ordførar. Han vart vald til stortingsrepresentant for Kongsberg tre gongar. I 1862-63 var han medlem av militærkomiteen, 1864 medlem av komiteen om hærens løner. 1868-69 var han atter medlem av miltærkomiteen, samt medlem av Lagtinget. År 1880 byrja han på si tredje stortingsperiode, han sat i nett same posisjonane som i 1868-69.

Landmark vart i 1860 riddar av St. Olavs orden. Han døydde 1880 på Kongsberg.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Kjelde