Carl Frederik Fearnley

norsk professor og astronom

Carl Fredrik Fearnley (19. desember 181822. august 1890) var ein norsk astronom frå Fredrikshald. Målaren Thomas Fearnley var ein eldre bror.

Carl Frederik Fearnley

Fødd19. desember 1818
Halden kommune
Død22. august 1890
Christiania
NasjonalitetNoreg
Yrkeastronom, universitetslærar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo

Etter examen artium i 1837 tok Fearnley mineralogisk embetseksamen 1844, og vart same året observator og universitetsstipendiat med bustad i Christiania. I løpet av åra 1849-52 besøkte han dei fleste større observatoria i Europa.

Solprotuberans observert av Carl Frederik Fearnley i 1872-73.

Han vart i 1857 lektor og i 1863 professor i astronomi ved Det Kongelige Frederiks Universitet i den norske hovudstaden. Fram han døydde i 1890 var han styrar av Observatoriet til universitetet. Han observerte kometar, småplanetar og solformørkingar.

Fearnley sitt hovudarbeid er Zonenbeobachtungen der Sterne zwischen 64° 50' und 70° 10' nördlicher Declination, som han gav ut i 1888, saman med dåverande observator Hans Geelmuyden. Den gjeldande sona fekk det norske observatoriet tildelt som arbeidsområde i det internasjonale observasjonsprogrammet som Astronomische Gesellschaft sette opp i 1867. Elles forfatta Fearnley avhandlingar som vart trykt i Astronomische Nachrichten og Forhandlinger i Videnskabsselskabet i Kristiania.

Frå 1861 var Fearnley ansvarleg for den norske offisielle almanakken. I 1864 tok han initiativet til opprettinga av Meteorologisk institutt. Han deltok i 1865 saman med den svenske astronomen Georg Lindhagen og den danske astronomen Hans Schjellerup i meridianfastsettinga Kristiania-Stockholm-København.

Fearnley var frå 1876 formann i Kommissionen til ledelse af Norges deltagelse i den europæiske gradmåling.

Kjelder endre