Opna hovudmenyen

Carl Friedrich Lessing (15. februar 18085. juni 1880) var ein tysk målar, far til bilethoggaren Otto Lessing og brorsons son til Gotthold Efraim Lessing. Han måla både landskap og motiv frå historia.

Carl Friedrich Lessing
Carl Friedrich Lessing.jpg
Fødd 15. februar 1808
Wrocław, Wrocław Pracze
Død

4. januar 1880
Karlsruhe

Sjanger historiemåleri
Yrke kunstnar, kunstmålar

Liv og gjerningEndra

 
Schlesisk landskap, 1841
 
Røvaren og barnet hans, 1832
 
Klosterhage i snø, 1828-29
 
Forsvar av ein kyrkjegard under trettiårskrigen, 1848

Lessing studerte ved kunstakademiet i Berlin og fylgde Wilhelm von Schadow då denne i 1826 vart leiar av kunstakademiet i Düsseldorf. Lessing måla i sine yngre år ei rad poetiske, ofte romantiske landskap, mellom dei Slottet ved havet, Landskap med riddarborg og Klostergard i snø, begge dei sistnemnde er frå 1828. År 1830 måla han det melankolske figurbiletet Det syrgjande kongeparet.l

Lessing var mellom dei målarane som vart inspirert av den litterære retninga «Das junge Deutschland». Utøvarane uttrykte sine idear gjennom historiske emne, med mål om å syne mennesket sin strid for fridom, medvitne om krav til seder i samfunnskipnaden. Lessing måla mange historiemåleri basert på kjernepunkta i den litterære og kulturelle retninga. Fyrst kom Husittpreike (1836), seinare Jan Hus framfor konsilet (1842) og Jan Hus på bålet (1850). Deretter måla han bilete med motiv frå Martin Luther sitt liv, mellom dei Luther brenn bannbullen frå paven (1853). Takk vere desse måleria, som vart rosa for både monumentalitet og realisme, var Lessing ei tid mellom dei aller mest populære målarane i Tyskland. Forsvar av ein kyrkjegard under trettiårskrigen (1848), samt Forsvarar av eit fjellskar frå 1851 er andre av hans måleri som merker seg ut. I 1858 fekk Lessing stilling som museumsdirektør i Karlsruhe.

Historiemåleria hans har i dag hovudsakleg interesse som tidsdokument. Men som landskapsmålar står Lessing som ein av oppdagarane av det tyske landskapet og av tysk natur. I hans alvorlege og dystre Eifellandskap er naturkarakteren sedd djupt og stort. Nasjonalgalleriet i Oslo har eit Lessing-landskap frå 1859 i si eige; Landskap frå Rhintraktene.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Carl Friedrich Lessing