Carl Gustaf Armfeldt

(Omdirigert frå Carl Gustaf Armfeldt d.e.)

Carl Gustaf Armfeldt (19. november 166624. oktober 1736) var ein svensk militær, general og friherre som tok del i den store nordiske krigen.

Carl Gustaf Armfeldt

Carl Gustaf Armfeldt måla av David von Krafft.
Fødd9. novemberjul./ 19. november 1666greg.
FødestadIngermanland
Død24. oktoberjul./ 4. november 1736greg.
DødsstadPernå
MorAnna Elisabet Brakel
FarGustaf Armfeldt
EktefelleLovisa Aminoff
BarnFromhold Armfelt, Elisabet Armfelt, Gustaf Armfelt, Claes Armfelt, Johanna Lovisa Armfelt, Erik Armfelt
Handteikna kart over ruta til armfeldttoget frå Sverige inn i Trøndelag.
Frå Nasjonalbiblioteket.

Armfeldt var son av Anna Elisabet Brakel og oberstløytnant Gustaf Armfelt, som blei adla i 1648. Han blei korporal som syttenåring ved Nylands kavaleri.

I 1685 drog Carl Gustaf Armfeldt til Frankrike for å fortsetja utdanninga si ved regimentet til prins Ferdinand av Fürstenberg. Etter tolv år vende han tilbake til Sverige som kaptein, og kom til den finske hæren som generaladjutant i 1701. Der blei han verande under den store nordiske krigen, (1700–1721). Han blei utnemnd til øvstkommanderande for den finske hæren i 1713. Under den langvarige krigen utmerkte Armfeldt seg ved fleire høve, særleg under forsvaret av Helsingfors i 1713 og i slaget ved Storkyro i 1714, som likevel ende med nederlag.

Armfeldt blei utnemnd til generalløytnant i 1717 og overtok kommandoen over hæren som året etter angreip Noreg for å innta Trondheim. Angrepet på sjølve Trondheim by kom aldri, og felttoget blei kjent for sin sørgjelege utgang. Under tilbaketoget til Sverige tok soldatane den næraste vegen over fjellet, og i dagane frå 1.jul./ 12. januargreg. til 3.jul./ 14. januargreg. i 1719 kom dei ut for ein snøstorm mellom Tydal og Handöl i Sverige. Mange gjekk seg vill, og mesteparten av hæren fraus ihel i ei hending som er blitt kalla den karolinske dødsmarsjen.

I 1719 blei Armfeldt utnemnd til landshøvding i Viborgs län, men tiltredde aldri embetet. Han blei friherre i 1731 og general for infanteriet i 1735. Armfeldt døydde 24. oktoberjul./ 4. november 1736greg. på herregarden sin Liljendal i Pernå sokn i Finland.

Kjelder

endre

Litteratur

endre
  • Hansson, Anders (1995): Karolinernas dödsmarsch. Östersund.
  • Kjørmo, Torbjørn (1999): Etter kongens ufravikelig ordre. Huitfeldt forlag.
  • Korstad, Reidar (1984): Armfeldt og Karolinernes innfall i Trøndelag 1718. Stjørdal. ISBN 82-7358-000-8
  • Nilsson-Tannér, Per (1969): Dødens drabanter. I Armfeldtskarolinernas spår genom Tröndelagsbygderna. Østersund.
  • Nilsson-Tannér, Per (1968): Karolinernes Dødsmarsj. Trondheim.
  • Rolseth, P. O. (1950): General Carl Gustaf Armfeldst hærtog mot Norge. Utgitt i samarbeid mellom forfatteren og Selbu og Tydals Historielag. Oslo.
  • Schenström, F. (1890): Armfeltska karolinernas sista tåg. – Gamla minnen från jämtlanska og norska fjällbygder. Stockholm.
  • Øverland, O. A. (1891-1895: Norges historie. Femte bind. Kristiania. (Se sidene 738 – 758.)

Bakgrunnsstoff

endre