Slaget ved Storkyro

Slaget ved Storkyro vart utkjempa 2. mars 1714 nær landsbyen Napo (finsk Napue) i Storkyro sokn (finsk Isokyrö) i Österbotten i Det svenske imperiet (i dagens Finland) mellom ein svensk og ein russisk arme under den store nordiske krigen.

Slaget ved Storkyro
Del av den store nordiske krigen

Dato 2. mars 1714
Stad Napo på Isokyrö (Storkyro), Österbotten i Finland i Det svenske imperiet
Resultat Avgjerande russisk siger
Partar
Flagget til Sverige Det svenske imperiet Flagget til Russland Det russiske tsardømet
Kommandantar
Carl Gustaf Armfeldt Mikhail Golitsyn
Styrkar
4500[1] om lag 9 000[1] 9 kanonar
Tap
1600 drepne og 900 skadde eller fanga[1][2] Minst 400 drepne og om lag 1500 skadde.[1][2]
Den store nordiske krigen

Den svenske styrken, som bestod av nesten heile [1] den finske styrken, vart øydelagd av den langt større russiske styrken. Som følgje av dette vart heile Finland okkupert av Russland resten av krigen, ei hard tid som i Finland vert kalla den store ufreden.

Opptakt endre

I 1703 hadde dei russiske styrkane nådd indre delar av Finskebukta og grunnla byen St. Petersburg. Sidan den svenske hovudarmeen då var oppteken i Polen og seinare i Russland, var Sverige hardt pressa for å forsvare dei baltiske områda sine. Etter slaget ved Poltava tok Russland heile Livland, Estland og Ingermanland, samt grevskapa Vyborg og Savonlinna og Kexholm.

Karl XII av Sverige nekta å godta fredsforhandlingar, la Danmark og Russland planar for å true Stockholm. Dei såg på to mogelege åtaksruter: ein gjennom Sør-Sverige og den andre gjennom Finalnd og Åland. Det sørlege åtaket vart rekna som viktigaste, men åtaket på Finland måtte utførast for å knyte så mykje av den gjenverande svenske armeen som mogeleg i det området. Eit åtak frå sør vart derimot avverja av sigeren til Magnus Stenbock i Helsingborg i 1710.

Det russiske åtaket på Finland utvikla seg aldri som planlagt. Sidan Peter den store var oppteken i krig mot Tyrkia, førte mangelen på soldatar til at han utsette erobringa av Åbo. Dei første russiske handlingane i Finland bestod av raid og rekognoseringsoperasjonar, med mål om å okkupere det søraustleg Finland, øydeleggje det for å hindre svenskane i oppføre basar der mot dei russisk-kontrollerte områda rundt St. Petersburg.

Kampane i Finland hardna til i 1713, etter at logistiske problem hadde hindra ei framrykking året før. Alt i mai vart flåten til Peter sett utanfor Helsingfors, og under sommaren vart heile det sørlege Finland okkupert av russiske soldatar. Dei svenske styrkane under general Georg Henrik Lybecker trekte inn i innlandet. Før han reiste attende til Russland, kommanderte Peter Fjodor Apraksin, kommandanten til den keisarlege marinen, til å utføre eit åtak på den svenske armeen i løpet av vinteren.

General Carl Gustaf Armfeldt fekk kommandoen over troppane i Finland i august 1713. Han stod overfor ei håplaus oppgåve. Lybecker hadde etterlate han ein vanstelt, utsvolte, naudlidande arme. Rekognosering var ikkje mogeleg fordi kavaleriet var for utslitne til å utføre oppgåva. Då den russiske generalen Mikhail Golitsyn marsjerte inn i Österbotten i byrjinga av februar 1714, plasserte Armfeldt styrkane sin i ei forsvarsstilling ved landsbyen Napo, aust for Vasa. Eit krigsråd vart halde 16. februar, der Armfeldt valde å bli verande og gå ut i kamp. Ei fatalistisk luft hang over den svenske armeen, som var svekka av vinteren og den langt større armeen som var på veg. Alle håp om forsterkingar var borte.

Slaget endre

Russarane nådde Napo frå aust, og gjekk opphavleg langs den frosne Kyrönjoki. Då dei var i sikte, men utanfor skothald for dei svenske styrkane, vendte høgreflanken til kavaleriet og infanteriet nordover. I staden for å sette formasjonen parallelt med dei svenske styrkane, ønskte Golitsyn å gå til åtak på den svenske venstreflanken. Anten gjennom tvang eller med lovnad om betaling, fekk Goltisyn ein bonde til å føre den russiske armeen gjennom den frosne, myrlendte skogen nord for elva. På denne måten fekk den russiske armeen ein særs fordelaktig posisjon til å angripe den svenske venstreflanken.

Dei russiske rørslene vart observerte av Armfeldt og offiserane hans. Kosakkar og dragonar nådde fram om morgonen, medan hovudstyrken gjekk i stilling ut på ettermiddagen. Då slaget kunne bryte ut kva tid som helst, reid Armfeldt langs den svenske linja og formante soldatane sine til å kjempe for konge og fedreland. Korleis soldatane reagerte på dette er ukjend, men i følgje Armfeldt sjølv synte soldatane «utruleg mot og lojalitet til døden tok dei og dei stod på kne med tårer i augo og bad til Gud om hjelp.»

Armfeldt skjønte at noko var gale då berre ein liten kavaleristyrke heldt fram over den isdekte elva, medan resten av den fiendtlege styrken forsvann nordover. Han skjønte for seint kva som skjedde og kommanderte den svenske linja til å stille seg opp på ny mot nord for å svare på trugselen frå den retninga. Han gav så ordre om eit åtak for å kome dei i forkjøpet. Den svenske høgreflanken hadde i starten stor suksess og maltrakterte den russiske venstreflanken med kardesk, medan infanteriet avfyrte ein geværsalve før dei kasta seg mot fienden i eit bajonettåtak. Den russiske venstreflanken hadde ikkje komme heilt i orden og var i uorden då det svenske åtaket starta. Trass i den første svenske suksessen, klarte russarane å kome i stilling, sidan dei var så mange fleire enn svenskane.

Den russiske høgreflanken var langt betre organisert og dreiv attende det svenske åtaket. Det svenske kavaleriet vart hindre frå å kome vidare, omringa og felt av dei russiske dragonane og kosakkane, og den venstre flanken kollapsa sakte i desperat kamp. Armfeldt prøvde å hjelpe den omringa venstreflanken, men Golitsyn sendte no styrkane sine mot det svenske senteret og høgreflanken, medan venstreflanken fall. Det svenske infanteriet vart så oppløyst i panikk.

Etterverknad endre

Slaget enda med at den svenske armeen i Finland vart øydelagd, nesten 2500 mann mista livet. Mange av dei blødde eller fraus i hel natta etter slaget. Lika etter dei vart liggande på slagmarka i vekevis. Det russiske tapet var òg stort og så mange som 2000 vart skadde eller drepne. Dei fleste av dei russiske døde vart gravlagd på Storkyro kyrkje gravplass.

Strategisk gjorde sigeren i Storkyro at russarane fekk kontroll over heile Finland dei neste åra. Sverige var for svake for å hindre dette. Dette skjedde samstundes med at den russiske galeiflåten hadde suksess ved Åboøyane og klarte å støtte armeen på land med forsyningar. Dette var viktig sidan furasjering ikkje var effektivt nok til å halde den russiske armeen ved like.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Ericson, Lars (ed) (2003). Svenska slagfält (på svensk). Wahlström & Widstrand. s. 327. ISBN 91-46-21087-3. 
  2. 2,0 2,1 Kuvaja, Christer (2008). Karolinska krigare 1660–1721 (på svensk). Helsingfors: Schildts Förlags AB. s. 220. ISBN 978-951-50-1823-6.