Carl Gustaf Hellqvist

Carl Gustaf Hellqvist (15. desember 185119. november 1890) var ein av dei mest populære svenske historiemålarane i Sverige på 1800-talet.

Carl Gustaf Hellqvist

Statsborgarskap Sverige
Fødd 15. desember 1851
Kungsör
Død

19. november 1890 (38 år)
München

Yrke kunstmålar
Sjanger historiemåleri, sjangermåleri
Carl Gustaf Hellqvist på Commons

Liv og gjerning endre

Hellqvist var frå Kungsör i Västmanland. Då han var rundt 12 år gammal flytta han til Stockholm og gjekk i lære hos ein dekorasjonsmålar, før han i 1864 begynte å studere ved Kungliga Konstakademien. I 1875 vart han tildelt akademiets høgste pris for måleriet Gustaf I anklagar Peder Sunnanväder och Mäster Knut inför domkapitlet i Västerås.

Valdemar Atterdag brandskattar Visby, 1882
Sten Sture d.y:s död på Mälarens is 1520, 1880

I 1877 fekk Hellqvist eit reisestipend av akademiet og la ut på studiereiser i Europa. Åra 1879-82 arbeidde han i München. I august 1882 vart han i Wien tildelt gullmedalje for sitt storslåtte historiemåleri Valdemar Atterdag brandskattar Visby. Etter å ha gifta seg, flytta han same året til Paris, der han tidlegare hadde stilt ut oljemåleriet Sten Sture d.y:s död på Mälarens is 1520.

Frå 1886 underviste Hellqvist ved Königliche akademische Hochschule für die bildende Künste i Berlin. Han leid av kraftige hovudsmertar etter ei hjerneskaking, noko som etter kvart tvinga han til slutte med både å undervise, og til sist, også å måle. Hellqvist var plaga med krampar og i 1889 vart behandla med elektrosjokk, og sett på diett. Året etter døydde han på mentalsjukehuset Irrenanstalt og vart gravlagd i München.

Målaren Hellqvist var sterkast påverka av landsmannen Georg von Rosen, tyske Carl von Piloty, og til sist av fransk friluftsmåleri.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre