Carl Henrik Bjørseth
Carl Henrik Bjørseth (fødd 8. februar 1968) er ein tidlegare orienteringsløpar frå Bodø. Åra 1999–2001 vann han to VM-sølv og ein VM-bronse.
Carl Henrik Bjørseth | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 8. februar 1968 (56 år) Bodø |
Idrett | orientering |
Bjørseth var med på NTHI-laga som sigra i Jukola-stafetten i 1990 og 1995, samt vann NM-gull i 1995. I 1998 vart han norsk meister på langdistansen, over tre minutt føre sølvmedaljør Bjørnar Valstad og nærare fem framom bronsevinnar Håvard Tveite.
Under verdsmeisterskapen 1999 ved Inverness kneip han sølvmedaljen på klassisk-distansen, langt bak landsmannen Bjørnar Valstad. To år seinare i Tampere la Bjørseth beslag på VM-bronsen på klassisk-distansen, landsmannen Jørgen Rostrup tok gull og finske Jani Lakanen sølv. I den same meisterskapen orienterte Bernt Bjørnsgaard, Bjørseth, Tore Sandvik og Bjørnar Valstad inn til sølv på stafetten, Finland vann.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- Nordisk 1999: Nr 5 på klassisk-distansen
- VM 1999: Sølvmedalje på klassisk-distansen
- VM 2001: Bronse på klassisk-distansen, sølv i stafett
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Carl Henrik Bjørseth» frå Wikipedia på bokmål, den 8. juli 2023.