Inverness
Inverness er administrasjonsbyen i regionen Highland i Skottland, òg kalla hovudstaden i Dei skotske høglanda. Han har kring 55 000 innbyggjarar.
Inverness | ||
---|---|---|
skotsk-gælisk | Inbhir Nis | |
Inverness | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | Skottland | |
Region | Highland | |
Tradisjonelt grevskap | Inverness | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2008) |
56 660 | |
Koordinatar | 57°28′N 4°14′W / 57.467°N 4.233°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | IV1-IV3, IV5, IV13, IV63 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1463 | |
Historie
endreInverness er og ein av dei byane som kan vise til ei historie som strekkjer seg tilbake til vikingtida.
I nærleiken av Inverness finn ein Culloden Moor, som er den siste slagmarka i skotsk historie, der Bonnie Prince Charlie kjempa i slaget ved Culloden for kongemakta i Skottland, den 16. april 1746.
Kvart år blir det arrangert høglandsleikar i Inverness, som har tradisjonar fleire hundre år tilbake; dei tidlegaste publikasjonane som er funne, stammar frå 1600-talet. Segner fortel om leikar som vart arrangert på breidda av elva Ness, som skil byen i to, og kjem frå Loch Ness.
Det er og ei bru som knyter saman byen, og i eldre tider var denne laga av tre. I dag står det ein steinbru, og historia fortel at for fleire hundreår sidan vart brua jamleg øydelagt av ein klan som pressa byen for løysepengar for å la dei byggje ho opp att.
Ved museet i Inverness kan ein sjå mange av gjenstandane som vart nytta under slaget på Culloden Moor. Ein finn og bilete, og eit hårlokk som skal stamme frå Prince Charles Edward Stuart, òg kjent som Bonnie Prince Charlie.
På ei høgd i Inverness finn ein Inverness Castle, ei borg som vart bygd første gongen på 1600-talet, men sprengt av ein engelsk offiser. Historia fortel at mannen døydde, men hunden hans vart kasta over på andre sida av Ness, og mista berre halen. I dag fungerer borga som rettsbygning.
Føre borga finn ein og ein statue av Flora McDonald som hjelpte Bonnie Prince Charlie å flykte frå Skottland.
I byen Inverness kan ein òg finne eit særs gammalt kjøpesenter, Victorian Market, som er bygd på 1600-talet, og som vart øydelagt av brann i midten av 1800, og bygt opp att 10 år seinare.
Bygningane i byen har og ei historie som strekkjer seg rundt 300 år tilbake, og i 2004-2005 jobba ein aktivt for å verne dei gamle bygningane, og fleire restaureringsprosjekt pågår.
Transport
endreCaledoniakanalen som knyter saman aust- og vestkysten av Skottland går ut i Moray Firth ved Inverness. Det er togsamband nord, aust og sørover frå byen. Inverness lufthamn har regelmessige samband med fleire stader i Storbritannia.
Sport
endreInverness er heimstaden for fotballklubbane Inverness Caledonian Thistle og Clachnacuddin.
Folk frå Inverness
endre- Màiri Mhòr (1821–1898), gæliskspråkleg forfattar frå Skye
- Josephine Tey (f. 1896), forfattar
- Ali Smith (f. 1962), forfattar
- Yvette Cooper (f. 1969), politikar og parlamentsmedlem
- Laura Muir (f. 1993), mellomdistanseløpar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Inverness» frå Wikipedia på bokmål, den 2. november 2011.
Bakgrunnsstoff
endre- Scotland Vacations Holidays and Travel Guide Arkivert 2005-08-30 ved Wayback Machine. - turistomtale av Inverness