Opna hovudmenyen

Carl Henrik von Holten (fødd 7. august 1775 på Juellund ved Køge, død 5. juli 1862 i Valby i København)[1] var ein dansk gehejmekabinettsarkivar og etatsråd som var statssekretær i det norske regjeringsrådet i 1814.[2]

Carl Henrik Holten
Fødd 7. august 1775
Køge kommune
Død

5. juli 1862
København

Yrke statssekretær

Holten var utdanna offiser og landmålar og var fleire år i Dansk Vestindia. Da han kom att til heimlandet i 1810 vart han tilrådd til stillinga som sekretær hos statthaldaren i Noreg. Han arbeidde først hos prins Frederik av Hessen, seinare hos tronfølgjaren Kristian Fredrik.[1]

I Noreg budde og arbeidde Holten i Kommandantboligen på Akershus festning der han leia statthaldarsekretariatet, seinare statsrådsekretariatet, fram til hausten 1814 da han vende heim til Danmark.[3]

Da Kristian Fredrik vart utnemnd til guvernør over Fyn i 1815 vart han guvernementsekretær for han, ei stilling han hadde fram til Kristian Fredrik tok over den danske trona i 1839. Holten vart da utnemnd til gehejmekabinettsarkivar. Etter at kongen døyde i 1848 levde han som privatmann.[1]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 Harald Jørgensen. «Carl Holten». 3. utg. av Dansk Biografisk Leksikon, Gyldendal, 1979-84 (dansk). Den Store Danske Encyklopædi. Henta 30. april 2017. 
  2. «Regjeringsrådet/Statsrådet i Norge 2. mars - 27. november 1814». Regjeringa / Statsministerens kontor. Henta 30. april 2017. 
  3. «Stab og sekretariat». Arkivverket. Henta 30. april 2017.