Arkivverket er ein norsk statleg etat som oppbevarer statlege arkiv, fører tilsyn med offentleg arkivering og arbeider for å ta vare på private arkiv.

Arkivverket


Org.formOrganisasjonsledd
Org.nr.961181399
Skipa1817
MorselskapKulturdepartementet
HovudkontorOslo
LandNoreg
Nettstadhttps://www.arkivverket.no/

Arkivverket er underlagt Kultur- og kyrkjedepartementet og består av Riksarkivet, åtte regionale statsarkiv (i Oslo, Hamar, Kongsberg, Kristiansand, Stavanger, Bergen, Trondheim og Tromsø) og to spesialarkiv, Samisk arkiv i Kautokeino og Norsk helsearkiv på Tynset. Riksarkivet oppbevarer arkiva etter statlege etatar og andre riksdekkande institusjonar. Statsarkiva oppbevarer arkiv etter lokale og regionale statlege etatar og dessutan private arkiv frå selskap, organisasjonar, institusjonar og enkeltpersonar.

Digitalarkivet presenterer sentrale kjeldeseriar på verdsveven, mellom anna folketeljingane frå 1801, 1865 og 1900 i tillegg til dei norske emigrantdatabasane.

Arkivverket har omtrent 190 tilsette og vert leia av ein riksarkivar.

Bakgrunnsstoff

endre