Opna hovudmenyen

Carl Henry (17. november 19052. desember 1995), opphavleg Carl Jacobsen, var ein norsk journalist og politikar frå Oslo som representerte ArbeidarpartietStortinget.

Carl Henry
Fødd17. november 1905
Død2. desember 1995
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkeavisredaktør, fredsaktivist, politikar

Henry var son til ein bakarmeister i Kristiania. I perioden 1923-27 gjekk han både realgymnas i Larvik og handelsgymnas i Sandefjord. Vinteren 1930 gjekk han den nordiske folkehøgskulen i Genéve.

Frå 1929 arbeidde han som journalist, redaksjonssekretær i Nybrott i Larvik frå 1930. Perioden 1935-52 var han utgjevar av avisa, med unnatak for krigsåra 1940-43. Nazi-styresmaktene i Noreg stoppa Nybrott i august 1940, men etter ei tid vart ho slått saman med høgreavisa Østlands-Posten som det nye Larvik Dagblad. Dei to sjefredaktørane i Larvik Dagblad vart arrestert i desember 1943, og Henry erstatta dei for resten av krigstida.

Hausten 1945 vart han vald til stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå kjøpstadene i Vestfold fylke. Han lukkast ikkje verte attvald i 1949, ei heller verte vald i 1953. Men som varamann møtte han fast då Oscar Torp var statsminister i Noreg frå hausten 1951 til januar 1955. I den fyrste stortingsperioden var han medlem av administrasjonskomiteen, deretter av sosialkomiteen frå november 1951 til det nye stortinget konstituerte seg i januar 1954. Deretter var han formann i forsvarskomiteen i ni månader, før han dei tre siste månadene som stortingsmann var tilbake i administrasjonskomiteen.

Henry var medlem av bystyret i Larvik frå 1951 til 1967. Han var elles formann i skulestyret og 1960-68 leiar av Noregs Bank si lokalavdeling i Larvik. Vidare var han styremedlem i Én Verden frå 1947 til 1953, og i Norges Fredsråd og i Flyktnighjelpen.

Henry forlet journalistyrket midt på 1950-talet og arbeidde i likninga i Larvik frå 1956 til 1966. Sidan var han kontorsjef i Blindeforbundet til 1972.

KjelderEndra