Carl Jenssen
Carl Edvard Jenssen (1. januar 1869–2. juni 1923) var ein norsk jarndreiar frå Moss som var stortingsmann 1913-15 for Arbeidarpartiet.
Carl Jenssen | |||
Fødd | 1. januar 1869 | ||
---|---|---|---|
Død | 2. juni 1923 (54 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet, Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti | ||
Alle verv |
|
Jenssen var son til ein sliperimeister. Sjølv arbeidde han òg på sagbruk frå han var 14 til 17 år gammal. Han vart så tilsett på Moss mekaniske verksted, der han i alle dei år jobba som jarndreiar.
Jenssen var medlem av bystyret Moss frå 1901 og formannskapet frå 1907 til 1922. Elles var han medlem av verjerådet i Moss. Jenssen var ein pådrivar i arbeidarrørsla i Østfold-byen. Han var såleis sentral bak reisinga av Folkets hus og i fem år leiar av arbeidarane si handelsforeining. Perioden 1906-11 var han formann i den lokale arbeidarforeininga.
Tingbolken 1913-15 representerte Jenssen einmannskrinsen Moss og Drøbak på Stortinget. Han var då ein av 21 Arbeidarparti-representantar, med sete i både Lagtinget og i Justiskomite nr 1. Jenssen høyrde til «den gamle retning» i Arbeidarpartiet, og var medlem i Noregs Sosialdemokratiske Arbeidarparti då han døydde etter eit «længere, smertefuldt sykeleie».
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Arbeiderbladet 4. juni 1923