Carl Johan Fahlcrantz

Carl Johan Fahlcrantz (29. november 177429. november 1861) var ein svensk målar frå Stora Tuna i Dalarna, kjend for sine landskapsmåleri i romantisk stil. Fahlcrantz har vorte kalla «det svenska landskapsmåleriets fader».

Carl Johan Fahlcrantz
Carl Johan Fahlcrantz - from Svenskt Porträttgalleri XX.png
Fødd 29. november 1774
Stora Tuna
Død

9. januar 1861 (86 år)
S:t Johannes församling, Jakob och Johannes församling

Yrke universitetslærar, landskapsmålar, kunstmålar
Sjanger landskapsmåleri
Carl Johan Fahlcrantz på Commons
Utsikt mot Andrarums kyrka, 1836
Vy mot Gripsholms slott, 1819

Han flytta til Stockholm i byrjinga av 1790-talet. Der lærte han å måle av dekorasjonsmålarane ved Kungliga teatern, framfor alle av Louis Belanger som kom frå Frankrike i 1798. Han tok også inntrykk av Elias Martin sin landskapsstil.

Fahlcrantz fekk sitt gjennombrot i 1807 «med sina sublima tolkningar av den nordiske naturen»[1]. Han var den fyrste svenske målaren som i all hovudsak sata på landskapsmåling. Bileta hans formidlar «en poetisk stemning i naturen og undvek all upprørande dramatik»[2]. Motiva hana skildrar ofte landskap i gyllent lys eller i måneskin. Hans einaste utanlandsreiser gjekk til høvesvis Noreg i 1827 og Danmark i 1829. I Noreg måla han eit kjent motiv av Balestrand. Elles er verk basert på Frithjofs saga mellom hans mest kjende arbeid. Begge dei svensk-norske kongane Karl Johan og Oscar I var mellom dei som bestilte arbeid av Fahlcrantz, noko også tsaren Nikolai I av Russland gjorde.

Fahlcrantz vart medlem av Kungliga Akademien för de fria konsterna i Stockholm i 1803 og professor i 1815. Norske Thomas Fearnley var ein av elevane hans.

KjelderEndra

  • Den svenska målarkonstens historia. 2001
Notar
  1. Den svenska målarkonstens historia:145
  2. Den svenska målarkonstens historia:144

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Carl Johan Fahlcrantz