Carl Waaler Kaas (fødd 28. juli 1982) er ein norsk tidlegare orienteringsløpar frå Oslo. Han vart verdsmeister på mellomdistansen i 2010 og vann VM-gull i stafett i 2015.

Carl Kaas


Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. juli 1982 (41 år)
Oslo
Idrett orientering

Aktiv

endre

Saman med Lars Skjeset og Øystein Østerbø fekk Kaas bronsemedalje i stafetten ved EM i orientering 2006 i Otepää. I sin VM-debut i 2008 i Olomouc, kom Kaas på 11.-plass på normal-distansen.

Høgdepunktet som aktiv kom då Kaas vann mellomdistansen VM i orientering 2010 i Granåsen Trondheim, 7 sekund framom andremann. Dagar seinare sprang han den fyrste etappen for det norske sølvlaget i stafett, Audun Weltzien og Olav Lundanes tok seg av dei siste etappane. Også dei to neste åra vart det stafettsølv i VM, i 2011 i Frankrike og 2012 i Sveits. Under EM i 2012 i Falun kom Kaas i mål til bronsemedalje på mellomdistansen.

Under VM 2015 i Skottland tok Kaas seg av den andre etappen då han for fjerde gong tok eit VM-sølv i stafett, då saman med Øystein Østerbø og ankermann Magne Dæhli. I 2016 opna Kaas for det norske laget som vann stafetten ved VM i Strömstad-Tanum i Sverige. Han opparbeidde ei stor leiing, før Olav Lundanes og Magne Dæhli fullførte triumfen med solide løp på sine etappar. Seinare i sesongen tok Kaas kongepokalen då han sigra på mellomdistansen under NM i Bodø. Han la opp ved sesongslutt.

Medaljar og plasseringar i verdsmeisterskap

endre
  • VM 2010: Gull på mellomdistansen, sølv i stafett
  • VM 2011: Sølv i stafett
  • VM 2012: Sølv i stafett
  • VM 2013: Nr 7 på mellomdistansen
  • VM 2014: Nr 7 på mellomdistansen
  • VM 2015: Sølv i stafett
  • VM 2016: Gull i stafett, nr 5 på klassisk-distansen

Kjelder

endre