Carl Johan Fredrik Skottsberg (1. desember 188014. juni 1963) var ein svensk botanikar som deltok på fleire vitskaplege ekspedisjonar, som Den svenske antarktisekspedisjonen og den svenske Magallan-ekspedisjonen. Han var professor ved universitetet i Göteborg, og leiar for Göteborgs botaniska trädgård.

Carl Skottsberg

Fødd1. desember 1880
Karlshamn, Karlshamns församling
Død14. juni 1963
Göteborg, Annedals församling
NasjonalitetSverige
Områdebotanikk
Yrkebotanikar, scientific explorer, kunstmålar, teiknar
InstitusjonarGöteborgs botaniska trädgård
Uppsala universitet
Alma materUppsala universitet
EktefelleInga Skottsberg
BarnBrita Skottsberg
MedlemRoyal Society
Kungliga Vetenskapsakademien

Liv og virke

endre

Skottsberg var fødd i Karlshamn. Han blei student i Uppsala i 1898 og blei filosofie doktor og dosent i botanikk der i 1907. Frå 1909 til 14 var han konservator ved det botaniske museet til universitetet. I 1915 fekk han i oppdrag å leia skipinga av den nye botaniske hagen i Göteborg, og frå 1919 til 1948 var han leiar for den botaniske hagen med tittelen professor.

 
Carl Skottsberg med kona Inga.
 
Gravstaden til Carl Skottsberg på Östra kyrkogården i Göteborg.

Han gjorde ein forskingsekspedisjon til Øsel (Saaremaa) i 1899, og deltok som botanikar på Den svenske antarktisekspedisjonen 1901–03 med «Antarctic». Han leidde deretter den svenske Magallan-ekspedisjonen 1907–09, der mellom anna Thore Halle og Percy Quensel var med. Ekspedisjonen gjennomførte undersøkingar på Falklandsøyane, Eldlandet, Patagonia og Juan Fernández-øyane. Resultata frå denne ekspedisjonen blei trykte i Vetenskapsakademiens handlingar under tittelen «Botanische Ergebnisse der schwedischen Expedition nach Patagonien und dem Feuerlande» (I, 1910; IX, 1922). Han gjennomførte òg omfattande ekspedisjonar til Canada og California (1913), Chile, Juan Fernández og Påskeøya (1916-17) og Hawaii (1922). Den andre gongen han vitja Juan Fernandez-øyane hadde han eit lengre opphald saman med kona Inga, og dei utførte ei grundig undersøking av plantelivet på øyane. Skottland var også fascinert av floraen på Påskeøya, som han var på i ein dryg månad. Han diskuterte om desse særeigne plantekulturane delvis kunne koma frå ein tidlegare flora på Antarktis og delvis frå det søramerikanske kontinentet.[1]

Han blei vald inn som medlem av Vetenskapsakademien i 1931.

Observasjonane hans og rike samlingar frå desse reisene omarbeidde han i mange avhandlingar, i fyrste rekke med fykologisk, fanerogamsystematisk og særskild plantegeografisk innhald. Blant desse er Zur Kenntnis der subantarktischen und antarktischen Meeresalgen (1907, gradsavhandling), Die wichtigsten Pflanzenformationen Südamerikas (1910), The Vegetation in South Georgia (1912), Vegetationsverhältnisse des Grahamlandes (1912), A Botanical Survey of the Falkland Islands (1913) og Studien über die Vegetation der Juan Fernandez Inseln (1914).

I andre arbeid tok han for seg blomebiologi og morfologi, til dømes i Morphologische und embryologische Studien über die Myzodendraceen (1913). Som forelesar tok han også aktiv del i folkeopplysingsarbeidet. Saman med Rutger Sernander gav han ut ei handbok i botanikkstudiet (1914). Dei søramerikanske reisene skildra han òg i populære reiseskildringar, nemleg Antarctic (1904, saman med Otto Nordenskjöld og Johan Gunnar Andersson), Båtfärder och vildmarksridter (1909) og The Wilds of Patagonia (1911). Blant seinare utgjevingar kan nemnast Göteborgs botaniska trädgård. Kort handledning (1919), Handledning för besökare av naturparken (1920) og Kungl. Svenska Vetenskapsakademien. Personförteckningar 1916-1955 (1957).

Prisar og utmerkingar (utval)

endre

Kjelder

endre
  1. «Carl J F Skottsberg - Svenskt Biografiskt Lexikon», sok.riksarkivet.se, henta 23. februar 2023