Den svenske Magallan-ekspedisjonen

Den svenske Magallan-ekspedisjonen 1907–09 var ein vitskapleg ekspedisjon utført av Carl Skottsberg, Percy Dudgeon Quensel og Thore Gustaf Halle for å studera geografi, geologi og flora i Patagonia. Andre område han studerte omfatta Eldlandet, Falklandsøyane, Juan Fernández-øyane, Chiloé-øyane og sentrale Chile. Eit anna føremål med ekspedisjonen var å studera alakaluf-folket som heldt til langs kystane i Vest-Patagonia.

Carl Skottsberg under Magellan-ekspedisjonen.
Frå Seno Última Esperanza. Bilde frå boka The wilds of Patagonia; a narrative of the Swedish expedition to Patagonia, Tierra del Fuego and the Falkland Islands in 1907-1909, som kom ut i 1911.

Carl Skottsberg (1880–1963) var ein botanikar som nett hadde teke doktorgraden.[1] Han hadde delteke på Den svenske antarktisekspedisjonen, og hadde fleire spørsmål om området han ønskte å få svar på. Skottsberg blei seinare professor og leiar for Göteborg botaniske hage i 1919. Percy Quensel (1881–1966) var ein geolog som avbraut studia for å bli med på ekspedisjonen, og seinare blei professor i mineralogi og petrografi ved Stockholm universitet i 1914.[2] Thore Gustaf Halle (1884–1964) var botanikar og geologist, og blei professor og kurator ved Naturhistoriska riksmuseet i Sverige i 1915.[3] Gruppa finansierte reisa, som kosta kring 23 000 svenske kroner, gjennom støtte frå mellom anna vitskaplege organisasjonar og privatpersonar.[4] I Chile fekk dei også statleg støtte gjennom lån av eit større skip som gjorde at dei kunne utforska større delar av Patagonia enn planlagd.[5]

Det fyrste målet for reisa var Falklandsøyane, deretter vitja gruppa Eldlandet (Tierra del Fuego) og det innvikla systemet av kanaler og øyer ved sørvestkysten av Sør-Amerika. Dei følgde så kysten av Chile mot nord, og vitja Juan Fernandez-øyane ganske kort. Dei brukte også over fire månader til hest på å ta seg 260 mil sørover langs austsida av Cordillera, frå Nahuel Huapi i nord til Punta Arenas heilt i sør. Siste stopp for ekspedisjonen før han vende tilbake til Sverige i juni 1909 var Sør-Georgia.[1]

Skottsberg gav ut dei botaniske resultata av forskingsreisa i ein serie på elleve artiklar.[1] Quensel laga eit oversiktskart over berggrunne i den sørlege delen av Sør-Amerika som var det fyrste i sitt slag. Han tok doktorgraden i 1911 med ei avhandling om dei tertiære magmatiske bergartane i dei sentrale og austlegaste delane av Andesfjella.[2] Også Halle bygde doktorgraden sin på forsking frå reisa, med ei geologisk avhandling om Falklandsøyane.[6]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Carl J F Skottsberg - Svenskt Biografiskt Lexikon», sok.riksarkivet.se, henta 23. februar 2023 
  2. 2,0 2,1 Jörgen Langhof. «Percy D Quensel». Svenskt biografiskt lexikon. Henta 23. februar 2023. 
  3. «Thore Gustaf Halle (1884–1964)». Swedish Museum of Natural History. Henta 1. april 2019. 
  4. Skottsberg, Carl (1911), The wilds of Patagonia; a narrative of the Swedish expedition to Patagonia, Tierra del Fuego and the Falkland Islands in 1907-1909, University of California Libraries, London : E. Arnold, s. viii, henta 23. februar 2023 
  5. Skottsberg, Carl (1908). «The Swedish Magellanic Expedition: Preliminary Report. IV. Explorations in the Patagonian Channels between the Straits and the Gulf of Peñas». The Geographical Journal 32 (6): 591–594. ISSN 0016-7398. doi:10.2307/1777521. 
  6. Cantrill, David, «Thore Gustaf Halle (1884-1964)», www.nrm.se (på svensk), henta 23. februar 2023 

Bakgrunnsstoff endre

  • Thore Gustaf Halle (1911) On the geological structure and history of the Falkland Islands (Uppsala University)
  • Percy D. Quensel (1911) Geologisch-petrographische Studien in der patagonischen Cordillera (Uppsala University)
  • Carl Skottsberg (1919) The Wilds of Patagonia (London: Edward Arnold)