Carl Wilhelm Rubenson

Carl Wilhelm Rubenson (30. juli 18851960) var ein svenskfødd norsk fjellklatrar og forfattar, særleg kjend som fyrstebestigar av Stetinden i Nordland.

Carl Wilhelm Rubenson

Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. juli 1885
Stockholm
Død

29. juli 1960 (74 år)

Yrke fjellklatrer, skribent
Stetinden

Rubenson var fødd i Stockholm, med norsk mor som etterkvart flytta tilbake til fødebyen Kristiania. Familien levde av ein formue. I juli 1906 var Rubenson med på eit par fyrstebestingingar i Jotunheimen, saman med Ferdinand Schjelderup og Agnes Sundt. Året etter reiste Rubenson til britisk India, der han og Ingvald Monrad Aas kleiv opp til 7 270 meter over havet på fjellet Kabru i Himalaya, høgare enn noko anna menneske den gongen hadde vore.

Saman med mellom andre Alf Bryn, Ferdinand Schjelderup, Henning Tønsberg og fleire skipa han Norsk Tindeklub i 1908. 30. juli 1910, same dag som Rubenson fylte 25 år, stod han, Alf Bryn og Ferdinand Schjelderup for ei klatrebragd då dei, som dei fyrste menneska, tok seg til topps på Stetinden i Tysfjord. To dagar seinare kleiv dei tre karane opp på Svolværgeita, og den 3. august vart dei også dei fyrste som nådde toppen av Trakta, begge desse i Austvågøy.

Rubenson gav ut bøkene Fjeldsport før og nu og Med telt og husbaat i Kashmir, begge kom i 1923.

Kjelder endre