Stetinden i Tysfjord
Stetinden, òg kalla Stetind og Stádda (lulesamisk), er eit fjell på 1392 moh. som ligg i Narvik kommune i Nordland fylke. Ein kan sjå den mektige «ambolten» frå minst sju prestegjeld, og fjellet har frå gammalt av vore eit karakteristisk seglingsmerke for sjøfarande langs Nordlandskysten. Fjellet vart hausten 2002 kåra til Noreg sitt nasjonalfjell.
Stetinden | |||
fjell | |||
Stetind, sett frå Stefjordneset.
Bilete teke av W.C. Slingsby i 1915. | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Område | Narvik (Nordland) | ||
Høgd | 1 392 moh. | ||
Førstestiging | 1910 (Ferdinand Schjelderup, Carl Wilhelm Rubenson og Alf Bonnevie Bryn) | ||
Koordinatar | 68°09′54″N 16°35′33″E / 68.16500°N 16.59250°E | ||
Stetinden 68°09′54″N 16°35′33″E / 68.165°N 16.5925°E | |||
Wikimedia Commons: Stetind, Nordland |
Det vart gjort fleire forsøk på å klatre til topps av Stetind på siste halvdel av 1800-talet. Sommaren 1888 prøvde tyske Paul Güssfeldt og norske Martin Ekroll seg utan å lukkast. Året etter, i 1889, gjorde dansken Carl Hall og den norske fjellføraren Mattias Soggemoen eit nytt forsøk. Heller ikkje dei lukkast, men Carl Hall bygde ein varde på fortoppen som ligg om lag 500 m søraust for Stetind. Denne toppen, Halls fortopp (1314 moh.), vart kalla opp etter han. Etter hundreårsskiftet prøvde William Cecil Slingsby seg, òg han utan å lukkast. Stetind vart første gong klatra 30. juli 1910 av Ferdinand Schjelderup, Carl Wilhelm Rubenson og Alf Bonnevie Bryn. Den første vinterklatringa vart gjort av Arne Næss, Ralph Høibakk og K. Friis Baasted i 1963 opp austveggen. Arne Næss og fire andre vart i 1966 dei første til å klatre til toppen via vestveggen.
-
Stetind i 2009, bilde tatt frå riksveg 827
-
Stetind med ei arm av Tysfjorden
-
Stetind sett frå Ofotfjorden
Foto: Helge Høifødt
Bakgrunnsstoff
endre- Noreg sitt nasjonalfjell
- Klatring opp StetindDenne geografiartikkelen som har med Nordland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.