Opna hovudmenyen

Carlos Schwabe (21. juli 186622. januar 1926) var ein tysk symbolistmålar og grafikar som størstedelen av livet arbeidde i Frankrike.

Carlos Schwabe
Carlosschwabe.jpg
Fødd 21. juli 1866
Altona
Død

22. januar 1926
Avon

Yrke kunstmålar, illustratør
Carlos Schwabe på Commons

LivEndra

Schwabe var fødd i Altona i Holstein. I unge år flytta han til Geneve i Sveits. Etter å ha studert kunst i Geneve flytta han til Paris. Der arbeidde han som designar av tapetmønster, og han gjorde seg kjend med kunstnarar som arbeidde med symbolistisk kunst. Måleria hans presenterte ofte mytologiske og allegoriske tema. Som ein i hovudsak litterær kunstnar var han svært etterspurd som bokillustratør. Han illustrerte romanen Le rêve (Draumen, 1892) av Emile Zola, Charles Baudelaire si diktsamling Les Fleurs du mal (1900; på norsk Det vondes blomar, 2001), Maurice Maeterlinck sitt drama Pelléas et Mélisande (1892) og Albert Samain si Jardin de l'infante (1908).

Schwabe budde i Frankrike livet ut og døydde i Avon i Seine-et-Marne i 1926.

Le Mort du fossoyeur ('Dauden åt gravaren', 1895)

StilEndra

To ulike stilretningar kan sporast i kunsten hans. Før 1900 var Schwabe sine måleri meir individualistiske og eksperimentelle, eit uttrykk for idealismen hos symbolistane. I hans seinare verk får konvensjonelle og allegoriske scener frå naturen ein meir framskoten plass. Bilete av kvinner var viktige, enkelte gongar som uttrykk for død og liding, andre gongar for kreativitet og rettleiing. Den første kona hans var modell for englar og jomfruer, også til Dauden i 'Dauden åt gravaren' (1895) liknar på henne. Det var etter ein nær venn døydde i 1894, den 28 år gamle Schwabe fekk eit behov for å skildre Dauden.

Schwabe laga i 1892 eit fargelitografi til den første av seks utstillingar, organisert av Joséphin Péladan, som viste fram dragninga mot Rosekrossordenen hos franske symbolistar. Schwabe sin plakat skildrar, i nyansar av blått, eit vigselsritual der tre kvinner stig mot åndeleg reinsing, eit døme på kunst basert på Rosekrossordenen sine idear.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Carlos Schwabe