Carlsbergryggen
Carlsbergryggen er ein midthavsrygg i Indiahavet. Han strekkjer seg frå området sør for Sokotra til Chaosøyane og er kring 1800 km lang. Ryggen har oppstått som følgje av havbotnspreiing langs ein konstruktiv platekant. Dei høgaste toppane av ryggen er kring 1500 meter under havoverflata. Ryggen er seismisk aktiv og eit kraftig jordskjelv som målte 7,6 på momentmagnitudeskalaen i 2003.
Carlsbergryggen er kalla opp etter det danske Carlsbergfondet som var med å finansiere Dana-ekspedisjonen som oppdaga ryggen 1928-1930.
Kjelder
endre- «Carlsbergryggen» i Store norske leksikon, snl.no.