Carmelita Jeter (fødd 24. november 1979) er ein USA-amerikansk friidrettsutøvar frå Los Angeles i delstaten California som tevlar i sprintdistansane 100 meter og 200 meter. Ho vart verdsmeister på 100 m under VM i friidrett 2011 og har elles vunne to VM-gull på 4 x 100 m stafett, samt OL-gull i same øvinga i 2012. Jeter har i tida 2007-13 sikra seg sju individuelle medaljar på 100 m og 200 m; VM-gull, VM-sølv, OL-sølv, tre VM-bronsar og ein OL-bronse. Hennar personlege rekordar er 10,64 sekundar (2009) på 100 m og 22,11 sekundar (2012) på 200 m.

Carmelita Jeter


Statsborgarskap USA
Fødd 24. november 1979 (44 år)
Los Angeles
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012

Kjelder endre

  Denne idrettsartikkelen som har med USA å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.