Carolin Schäfer
Carolin Schäfer (fødd 5. desember 1991) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar som internasjonalt tevla i mangekamp. Ho vann i 2017 VM-sølv i sjukamp og i 2018 EM-bronse i same.
Carolin Schäfer | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 5. desember 1991 (32 år) Bad Wildungen |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2016, Sommar-OL 2020 |
Aktiv
endreSchäfer sette i 2014 personbeste i sjukampen ved europameisterskapen i Zürich, med 6 395 poeng enda ho fjerdeplassen, 37 poeng bak bronsevinnar Nafissatou Thiam. I mai 2015 forbetra Schäfer den personlege sjukamp-rekorden til 6 547 poeng ved meistermøtet i Götzis i Austerrike. Året etter vart ho nummer 5 under dei olympiske leikane i Rio de Janeiro i Brasil.
Under Götzis-stemnet 2017 presterte Schäfer personbeste i fem av dei sju øvingane og sanka heile 6 836 poeng, nest best i verda det året. Ved verdsmeisterskapen i London seinare i sesongen sikra ho seg sølvmedaljen med 6 696 poeng. I europameisterskapen 2018 la Schäfer beslag på på bronseplassen, gullvinnar Nafissatou Thiam og sølvmedaljør Katarina Johnson-Thompson makta ho ikkje hamle opp med.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- EM 2012 i Helsinki: Nr 11 – 6 003 poeng
- EM 2014 i Zürich: Nr 4 – 6 395 poeng
- VM 2015 i Beijing: Braut sjukampen etter seks øvingar
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 5 – 6 540 poeng
- VM 2017 i London: Sølvmedalje – 6 696 poeng, bakom Nafissatou Thiam (6 784 poeng)
- EM 2018 i Berlin: Bronsemedalje – 6 602 poeng
- OL i 2021 i Tokyo:Nr 7 – 6 419 poeng
- EM 2022 i München: Nr 6 – 6 223 poeng
- VM 2023 i Budapest: Braut etter tre øvingar
- OL 2024 i Paris: Braut etter tre øvingar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Carolin Schäfer» frå Wikipedia på tysk, den 1. august 2020.