Nafissatou Thiam (fødd 19. august 1994) er ein belgisk friidrettsutøvar frå Brussel som i tida 2016-24 vann åtte internasjonale gullmedalgar i sjukamp. Ho vart olympisk meister 2016, 2021 og 2024, verdsmeister 2017 og 2022, europameister 2018, 2022 og 2024.

Nafissatou Thiam


Statsborgarskap Belgia
Fødd 19. august 1994 (30 år)
Brussel
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 2016, Sommar-OL 2020
Utmerkingar Årets friidrettsutøver i verden, storoffiser av Leopoldsordenen, Æresborger av Liege

Aktiv

endre

Thiam vart juniorverdsmeister i sjukamp i 2013. Året etter oppnådde ho 6 508 poeng ved meistermøtet i Götzis i Austerrike og ho tok bronsen i sjukampen ved europameisterskapen i Zürich. I 2016 sette ho personleg rekord med 6 810 poeng då ho vann den olympiske gullmedaljen i Rio de Janeiro.

Våren 2017 vann Thiam femkampen i innandørs-EM i Beograd. Ho vann i mai månad meistermøtet i Götzis, der ho sanka 7 013 poeng og vart den fjerde utøvaren med over 7 000 sjukamppoeng. I tillegg sette ho belgisk rekord i spydkasting med 59,32 meter. Under verdsmeisterskapen 2017 i London viste ho seg atter som den beste sjukjemparen og vann med ein margin på 88 poeng. Både ved EM 2018 i Berlin og VM 2019 i Doha stod kampen om fyrsteplassen mellom Thiam og Katarina Johnson-Thompson frå Storbritannia. I Berlin vart det belgisk triumf og britisk sølv i sjukampen, i Doha bytta dei to utøvarane plass på sigerspallen. Sommaren 2021 vart dei olympiske sommarleikane avvika i Tokyo, og fem år etter ho vann OL-gull i Brasil, sikra Thiam seg OL-gull nummer 2. Sommaren 2022 vann ho sjukampen i så vel verdsmeisterskapen og i europameisterskapen. To år seinare vart hao europameister i Roma og ho sikra seg sitt tredje strake OL-gull under sommarleikane i Paris.

 
Thiam under den belgiske meisterskapen 2018

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

endre

Kjelder

endre