Caroline Mikkelsen-fjellet
Caroline Mikkelsen-fjellet er eit lita kystfjell på 235 moh mellom Hargreavesbreen og Polar Times-breen på Ingrid Christensen Kyst. Fjellet ligg oppom sørsida av Prydzbukta, 4 nautiske mil nord-nordvest for Svarthausen, og er den høgaste toppen i nærleiken. Det vart oppdaga 20. februar 1935 av kaptein Klarius Mikkelsen på «Thorsham», ein norsk kvalbåt sent ut av Lars Christensen.[1] Det er kalla opp etter kona til kaptein Mikkelsen, Caroline Mikkelsen, som var med Klarius på denne reisa og vart den første kvinna som nokon gong sette fot i Antarktis.[2]
Caroline Mikkelsen-fjellet | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Topp | Princess Elizabeth Land | ||
- høgd | 235 moh. | ||
- koordinatar | 69°45′S 74°24′E / 69.750°S 74.400°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Caroline Mikkelsen-fjellet 69°45′S 74°24′E / 69.75°S 74.4°E | |||
Kjelder endre
- ↑ «Gna-GeographicNamesOfTheAntarctic1stEdition1981_djvu». s. 364. Henta 16. mars 2013.
- ↑ «Caroline Mikkelsen, Mount». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. Henta 20. oktober 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Caroline Mikkelsen, Mount» (innhald frå Geographic Names Information System).