Carpi

kommune i Italia

Carpi er ein by i provinsen Modena i regionen Emilia-Romagna i Italia og har om lag 65 000 innbyggjarar. Han er eit travel industrisenter og ein handels- og kulturby.

Carpi
by
Domkyrkja i Carpi
Land  Italia
Region Emilia-Romagna
Provins Modena
Areal 131,54 km²
Folketal 71 869  (1. januar 2023)
Borgarmeister Enrico Campedelli
Postnummer 41012
Retningsnummer 0 59
Kart
Carpi
44°47′00″N 10°53′06″E / 44.783333333333°N 10.885°E / 44.783333333333; 10.885
Wikimedia Commons: Carpi

Historie

endre

Namnet «Carpi» skal visa til eit agnbøktre (Carpinus betulus). Byen vart grunnlagd som ein busetnad i Villanova-kulturen.

Den lombardiske kongen Aistulf bygde St. Maria-kyrkja i borga (Castrum Carpi) i 752 og dette var det første steget til ein permanent busetnad i byen. Frå 1319 til 1525 vart han styrt av familien Pio, før han gjekk over til Este, som ein del av Hertugdømet Modena.

Byen fekk sølvmedalje for motet dei viste i motstandskampen mot tyskarane under den andre verdskrigen.

Kjelder

endre