Carsten Tank Nielsen

Carsten Tank Nielsen (18. desember 18181. august 1892) var ein norsk militær-offiser, frå 1856 til 1892 den fyrste direktøren i Telegrafverket. I hans leiartid vart to nye teknologiar tekne i bruk i telekommunikasjonen, fyrst kabel-telegrafen i 1850-åra og kring 1880 telefonen. Han var son til Jacob Nielsen og far til Yngvar Nielsen.

Carsten Tank Nielsen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. desember 1818
Christiania
Død

1. august 1892 (73 år)
Christiania

Yrke embetsmann
Far Jacob Nielsen
Carsten Tank Nielsen på Commons

Nielsen var 1842-54 tilsett i Fyrdirektoratet. I 1849 planla han ei optisk telegrafline frå Christiania til Nevlunghavn, ei fornying av den kjeda med klaffestativ som Marinen hadde nytta sidan napoleonskriganes dagar. Året etter vart han som løytnant i Marinen sett til å leie ei utgreiing om framtidig behov og utbygging av telegraf i Noreg. Han gjorde då framlegg om å byggje elektrisk telegraf frå hovudstaden til Stockholm, Fredrikshald, Trondheim og Kristiansand «for Rigernes Forsvar».

Frå 1854 styrar for drifta av Statstelegrafen. Då Telegrafverket vart skipa i 1855, vart han tilsett som den fyrste direktøren i verket. Telegrafdirektør Nielsen var ein iherdig forkjempar for investeringar i telegraf og telefon over heile landet. Dei to fyrste tiåra som direktør vandra han heile landet rundt på jakt etter gode stader å legge linjetraseane for telegrafstolpane. Alt i 1870 hadde telegrafnettet nådd fram til Vardø.

Kjelder endre

Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958