Nevlunghavn
58°58′02″N 09°52′02″E / 58.96722°N 9.86722°E
Nevlunghamn | |||
Nevlunghavn | |||
tettstad | |||
Frå Nevlunghamn
Foto: Mahlum | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestfold | ||
Kommune | Larvik | ||
Areal | 1,78 km² | ||
Folketal | 1 984 (2023) | ||
Folketettleik | 1 115 / km² | ||
Postnummer | 3296 NEVLUNGHAMN | ||
Preposisjon | i Nevlunghamn | ||
Nevlunghamn 58°58′00″N 9°52′00″E / 58.96666667°N 9.86666667°E | |||
Wikimedia Commons: Nevlunghavn |
Nevlunghamn, også skrive Nevlunghavn, ligg på Skagerrakskysten sørvest i Larvik kommune i Vestfold. Nevlunghamn – eller Havna, som staden heiter på folkemunne – ligg ytst på «neset» på Vestfold-sida av Langesundsfjorden, som den ytste utposten i fylket mot Skagerrak. Staden voks fram som fiskevær og loshamn, og det opphavlege preget er godt teke vare på. Staden høyrde tidlegare til Brunlanes kommune, som i 1988 vart del av Larvik kommune. SSB reknar Nevlunghamn og Helgeroa, som ligg litt lenger nord, som ein samanhengande tettstad med 1 984 innbyggjarar per 1. januar 2023.[1]
Losing og fiske
endreDei fyrste innbyggjarane som slo seg ned i Nevlunghamn på siste halvdel av 1600-talet, dreiv med losing og fiske. Etter kvart voks det fram ein karakteristisk busetnad lunt plassert under Havneberget - eller Kikkærsberget, som det òg vert kalla lokalt. Her sat losane og speida etter skip som skulle ha los. Stadet vart kjend for sine uredde og dugande losar og losyrket gjekk i arv frå far til son i generasjon etter generasjon.
Havnefjorden er godt verna mot havet av Bramskjera. I tidlegare tider kunne fjorden vere full av seglskuter som søkte ly mot storm og uvêr.
Ferieområde
endreNevlunghamn er eit populært ferieområde med mange hytter og sommarhus og campingplassen Oddane Sand, som har ei godt vitja badestrand. Rett ved Oddane sand ligg Gurvika, som er ein feriestad for funksjonshemma.
Den plasseringa har gjort Nevlunghamn til ei mykje vitja gjestehamn for seglbåtar. Her er fleire serveringsstader, og på bryggja kan ein om sommaren kjøpe fersk fisk, reker og krabbe. I sjølve Havna bur det ca 650 menneske. Med alle sommargjestene sju-åttedoblast innbyggjartalet.
Inst i Havnebukta ligg Omrestranda med sandstrand og langgrunne.
Humlesekken
endreVed innseglinga til Nevlunghamn frå vest ligg det vesle skjeret Humlesekken med den karakteristiske kjempesteinen «Munken», som ser ut å vilje rulle ut i havet kva tid som helst. Etter segna gjorde to jøtlar kur til ei møy på Jomfruland. Ho sa at han som kasta ein stein lengst frå Jomfruland skulle få henne. I fylgje segna hamna ein av steinane på Humlesekken og har sidan lege der.
Mølen
endreLike vest for Nevlunghamn ligg Mølen, der Vestfoldraet, den gigantiske moreneryggen frå istida, forsvinn ned i havet. Det særmerkte landskapet med sine 16 storrøyser og talrike mindre steinvollar er ikkje vesentleg endra sidan dei siste gravminna vart bygd der, truleg noko før vikingtida. Området har ein særeigen geologi og flora og er freda.
Verneverdig stad
endreI 1991 vart Nevlunghamn peikt ut som Vestfold sin kandidat til Riksantikvaren si utnemning av dei stadane i Noreg som hadde mest opphavleg miljø og var best teke vare på. Dette førte samstundes Nevlunghamn inn på UNESCO si internasjonale liste over verneverdige stader. I kommuneplanen for Larvik er Nevlunghamn ein av stadene som er underlagd særskilde vernereglar. Reglane omfattar ikkje berre ein vesentleg del av busetnaden (kring 70 hus), men òg dei karakteristiske rundsvaa, som busetjinga smidig føyer seg rundt.
Kjelder
endre- ↑ SSB: «Tettsteder. Folkemengde og areal, etter kommune.», arkivert frå originalen 22. august 2008, henta 13. oktober 2008
- Denne artikkelen bygger på «Nevlunghavn» frå Wikipedia på bokmål, den 13. oktober 2008. Der vart desse kjeldene gjevne:
- Fredrik Jensen: Nevlunghavn - serr'u 1988
- Aftenposten: «Et anløp utenfor alfarvann»
- Nettstaden reiseliv.no: «Populær brygge i Nevlunghavn» Arkivert 2007-10-08 ved Wayback Machine.
- Nettstaden visitnevlunghavn.no