Carsten Thomassen (1969-2008)
Carsten Thomassen (15. mai 1969–14. januar 2008) var ein norsk journalist og forfattar. Han hadde arbeidd som utanriksreportar for Dagbladet i ni år då han blei skoten og drepen i samband med eit åtak mot Hotel Serena i Kabul i Afghanistan.
Carsten Thomassen (1969-2008) | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 15. mai 1969 Noreg |
Død |
14. januar 2008 (38 år) |
Yrke | journalist, skribent |
Bakgrunn
endreCarsten Thomassen hadde bakgrunn frå oppvekst i Frankrike og på Madagaskar, der far hans var misjonær. Han var utdanna ved Gimlekollen Mediesenter og hadde grunnfag historie. Han starta si journalistiske karriere i redaksjonen i Natur og Ungdom sitt tidsskrift. I 1990-åra byrja han i avisa Klassekampen og slutta der etter at redaktør Paul Bjerke blei oppsagt i 1997. Han arbeidde også ei tid som frilans for Dagens Næringsliv, og for Vårt Land sommaren 1998. Thomassen arbeidde i Dagbladet frå 1999, og blei fast tilsett i 2001[1]. Han arbeidde i avisa si samfunns- og utanriksavdeling.
Bibliografi
endre- Gunnar Ringheim, Carsten Thomassen (red.) og Jan L. Dahl (bildered.): Bølgen som traff oss alle (2005) (ISBN 978-82-7683-411-6)
- Anne Hege Simonsen, Jon Bakkerud og Carsten Thomassen: Feighetens våpen - Kampen mot minene (1997) (ISBN 82-02-17633-6)
Kjelder
endre- ↑ VG: Dagbladet-journalist drept, publisert 14. januar 2008