Cascata delle Marmore

Cascata delle Marmore (Marmorefalla) er ein kunstig foss som romarane lagde i Italia. Han har eit totalt fall på 165 meter, som er den høgaste menneskelagde fossen i verda. Fossen har tre fall, der det øvste er det høgaste på 83 meter.

Cascata delle Marmore
foss
Cascata delle Marmore sett frå Vasi ved vegen Valnerina.
Land  Italia
Region Umbria
Del av Velino
Fossetype Segmentert
Totalt fall 165 m
 - Lengste fall 83 m
Tal på fall 3
Kart
Cascata delle Marmore
42°33′04″N 12°42′55″E / 42.551162°N 12.715247611111°E / 42.551162; 12.715247611111
Wikimedia Commons: Cascata delle Marmore

Han ligg 7,7 km frå Terni, provinshovudstaden i Umbria.

Fossen er ein del av elva Velino etter at elva har forlate innsjøen Piediluco nær Marmore. Han stuper ned i dalen til elva Nera og vasstraumen vert skrudd av og på etter eit fast skjema. Ein turistattraksjon er synet av vatnet som stupar utfor kanten i det vatnet vert opna.

Fossen i dag endre

Det meste av tida vert vatnet i kanalen oppfor fossen nytta til produksjon av vasskraft, så vassføringa i fossen er som regel veldig låg. Piedilucosjøen oppfor fossen vert nytta som reservoar for vasskraftverket Galleto som vart bygd i 1929. For å tilfredsstille turistane vert vatnet «skrudd på» til visse tider på døgnet. Normalt skjer dette frå mellom klokka 12 og 13 til mellom klokka 16 og 17, med utvida opningstider om sommaren.

Historie endre

Velino renn gjennom eit høgland som ligg rundt byen Rieti. I antikken skapte elva eit våtmarksområde som førte til sjukdom i området (truleg malaria). For å verte kvitt dette problemet i Rieti gav den romerske konsulen Manlius Curius Dentatus i 271 f.kr. ordre om å omdirigere vatnet over klippene ved Marmore og ned i elva Nera nedanfor. Løysinga førte derimot til eit problem sidan Nera i våte periodar flauma over og truga byen Terni. Dette medførte ein konflikt mellom dei to byane som til slutt kom opp i Senatet i år 54 f.Kr. utan at ein kom fram til ei løysing.

Mangel på vedlikehald av kanalen førte til at vassføringa i kanalen minka og til slutt dukka våtmarksområdet opp igjen. I 1422 gav pave Gregor XII derfor ordre om å byggje ein ny kanal for å gjenopprette vasstraumen. I 1545 gav pave Paul III ordre om å byggje nok ein ny kanal. Planen var å utvide den førre kanalen for å regulere vassføringa. 50 år seinare, i 1598, stod kanalen ferdig. Igjen førte dette til flaum i Neradalen nedanfor. I 1787 gav pave Pius VI ordre om å at det skulle gjerast arbeid på spranga nedanfor fossen, og slik fekk falla utsjånaden dei har i dag. Dette løyste òg dei verste flaumproblema.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre