Caseybreen er ein isbre som er 11 km brei, og som flyt aust og ut i Caseyfjorden på austkysten av Palmer Land. Han vart oppdaga av sir Hubert Wilkins på ein flytur den 20. desember 1928. Wilkins meinte at breen var ein kanal som skar tvers over Den antarktiske halvøya, og kalla han derfor Casey Channel etter Richard G. Casey. Etter å ha samanlikna med flyfoto tekne av Lincoln Ellsworth i 1935 og foreløpige rapportar frå British Graham Land Expedition i 1934–37, tolka W.L.G. Joerg denne breen til å vere den same som Wilkins kalla Casey Channel. Dette vart stadfestar etter at medlemmar frå East Base frå U.S. Antarctic Service i 1940 undersøkte området.[1]

Caseybreen
isbre
Land  Antarktis
Stad Palmer Land
 - koordinatar 69°0′S 63°50′W / 69.000°S 63.833°W / -69.000; -63.833
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Caseybreen
69°00′00″S 63°50′00″W / 69°S 63.8333°W / -69; -63.8333
Caseybreen is located in Antarktis
Caseybreen (Antarktis)

Kjelder

endre
  1. «Casey Glacier». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 19. oktober 2012. 

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Caseybreen» (innhald frå Geographic Names Information System).