Castlevania: Dawn of Sorrow

Castlevania: Dawn of Sorrow er eit plattformspel utvikla og utgjeve av Konami. Det er det første spelet i Castlevania-serien på Nintendo DS og vart utgjeve i Japan, Nord-Amerika og Europa hausten 2005. Spelet er oppfølgjaren til Castlevania: Aria of Sorrow og byggjer vidare på handlinga til forgjengaren: Dracula er nedkjempa og kreftene hans er overtekne av reinkarnasjonen hans, Soma Cruz. Med hjelp frå allierte unngår Soma å verte ein ny mørk fyrste. Ein kult vert danna for å skape ein ny Dracula ved å ta livet til Soma, medan Soma og dei allierte handlar for å unngå eit slikt utfall.

Castlevania: Dawn of Sorrow

Utviklar(ar)Konami Computer Entertainment Tokyo
Utgjevar(ar)Konami
DistributørNintendo eShop
Kreativt ansvarleg(e)Satoshi Kushibuchi
Produsent(ar)Koji Igarashi
Komponist(ar)Masahiko Kimura
Michiru Yamane
SerieCastlevania
Plattform(er)Nintendo DS
UtgjevingJP: 25. august 2005
EU: 30. september 2005
NA: 4. otkober 2005
SjangerPlattform, action-rollespel
SpelemodusEinspelar, fleirspelar
AldersgrensePEGI 7
Nettstadhttp://www.konami.jp/gs/game/dracula_ds/
Del av serien Castlevania⠀

Dawn of Sorrow innlemmar mange trekk frå tidlegare Castlevania-spel, som kombinasjonen av element frå plattformspel og rollespel, «Tactical Soul»-systemet frå Aria of Sorrow og ein mørk, gotisk atmosfære.[1]

Kjelder

endre
  1. «ANMELDELSE: Castlevania: Dawn of Sorrow». Gamer.no. 12. oktober 2005. Henta 2. juli 2019. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Castlevania: Dawn of Sorrow