Fjellet Pollux

(Omdirigert frå Pollux i Zwillinge)

Pollux (italiensk Monte Polluce) er eit fjell i Wallis-Alpane på grensa mellom Sveits og Italia med ei høgd på 4 092 meter over havet. Han er den lågare av to tvillingtoppar. Den andre toppen er Castor og begge er kalla opp etter Geminitvillingane i romersk mytologi. Passet mellom dei toppane er 3 845 meter høgt og heiter Passo di Verra på italiensk og Zwillingsjoch på tysk.

Pollux
Monte Polluce
fjell
Pollux (høgre) og Castor (venstre) frå Grenzbreen
Land  Italia,  Sveits
Regionar Aostadalen, Valais
Del av grensa mellom Italia og Sveits
Fjellkjede Wallis-Alpane
Høgd 4 092 moh.
Primærfaktor 247 m ↓  mot Monte Rosa
Koordinatar 45°55′40″N 7°47′07″E / 45.92778°N 7.78528°E / 45.92778; 7.78528
Lettast tilkomst Søraustryggen (delar er UIAA I+)
Førstestiging Jules Jacot
 - dato 1. august 1864
Kart
Fjellet Pollux
45°56′00″N 7°47′00″E / 45.93333°N 7.78333°E / 45.93333; 7.78333
Plasseringa i Sveits
Plasseringa i Sveits
Plasseringa i Sveits
Wikimedia Commons: Castor and Pollux peaks

Dei første som nådde toppen av fjellet var Jules Jacot frå Genève med guidane Josef-Marie Perren og Peter Taugwalder den 1. august 1864. Ruta deira gjekk via Schwartztor, eit pass som først vart kryssa av John Ball og Gabriel Zumtaugwald i 1845. Den imponerande nordveggen vart først klatra av Kaptein John Percy Farrar og Wylie Lloyd med guiden Josef Pollinger den 18. august 1893.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelde endre

  • Collomb, Robin G., (ed.), Pennine Alps Central, London: Alpine Club, 1975
  • Dumler, Helmut and Willi P. Burkhardt, The High Mountains of the Alps, London: Diadem, 1994. (Dumler gives Pollux's elevation as 4,091 m.)