Opna hovudmenyen

Hertuginne Catherine av Cambridge (fødd Catherine Elizabeth Middleton9. januar 1982), før ho blei gift kjend som Kate Middleton, er kona til prins William, hertug av Cambridge, som er nummer to i den britiske tronfylgja.

Catherine av Cambridge
Kate Middleton at the Garter Procession 2008.jpg
FøddCatherine Elizabeth Middleton
9. januar 1982
Berkshire i England i Storbritannia
TittelHertuginne av Cambridge
Fullt namnCatherine Elizabeth
LandStorbritannia
EktefelleWilliam av Cambridge
BarnGeorge av Cambridge, Charlotte av Cambridge, Louis av Storbritannia

Kate Middleton kjem frå Berkshire, og er eldst av tre sysken. Ho trefte prins William på University of St Andrews i Skottland, og dei var kjærastar i fleire år. Trulovinga vart kunngjort den 16. november 2010, og bryllaupet stod i Westminster Abbey den 29. april 2011. Trulovingsringen som Kate fekk av William, er den same som prinsesse Diana av Wales hadde.

Den 22. juli 2013 vart Catherine og William foreldre til George av Cambridge, og 2. mai 2015 vart dei foreldre til Charlotte av Cambridge.[1]

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. «Royal Birth of a daughter» (engelsk). The Duke and Duchess of Cambridge. 2. mai 2015. Henta 20. juni 2015. 

BakgrunnsstoffEndra

  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.