Prins William, hertug av Cambridge

(Omdirigert frå William av Wales)

William (fødd 21. juni 1982) er ein britisk prins med titlane prins av Wales, hertug av Cambridge, greve av Strathearn og baron av Carrickfergus. Han er medlem av den britiske kongefamilien og eldste son til Prinsesse Diana av Wales og kong Charles III. Bror hans er Prins Harry. Prins William er den første i arverekkja til å taka over den britiske trona.[1]

Prins William, hertug av Cambridge

Fødd21. juni 1982
FødestadSt. Mary's Hospital
Gift medCatherine, Prinsesse av Wales
DynastiFyrstehuset Windsor
FarKong Charles III av Storbritannia
MorPrinsesse Diana av Wales
BornGeorge av Cambridge, Charlotte av Cambridge, Louis av Storbritannia

Prins William jobbar som helikoptarpilot for det Britiske luftforsvarets Sea King-styrke.

Den 16. november 2010 kunngjorde det britiske hoffet at William hadde forlova seg med Kate Middleton. Bryllaupet stod i Westminster Abbey i London den 29. april 2011. Forlovingsringen William gav til Kate, var same forlovingsringen som mora, Diana hadde.

Den 22. juli 2013 vart Catherine og William foreldre til George av Cambridge.[2]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Prince William | Biography, Wife, Children, & Facts | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 8. september 2022 
  2. Bratberg, Terje (15. august 2022). «William Arthur Philip Louis». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Prins William, hertug av Cambridge