Vesteraalens Dampskibsselskab
Vesteraalens Dampskibsselskab (VDS) var eit reiarlag som vart stifta i 1881 på Stokmarknes i Nordland. Føretaket dreiv med lokal rutetransport, samt at det starta den første Hurtigruta i 1893.

DS «Vesteraalen» ved Bodø i 1893, under den første turen i hurtigruta.
Selskapet fusjonerte i 1987 med Ofotens Dampskipsselskap, det nye føretaket fekk namnet Ofotens og Vesteraalens Dampskibsselskab (OVDS). I 2006 fusjonerte OVDS med Troms Fylkes Dampskibsselskap (TFDS) og danna Hurtigruten Group, som seinare vart omdøypt til Hurtigruten ASA.
SkipEndra
Veteranskipet DS «Børøysund» med VDS sitt skorsteinsmerke og reiarlogo
Nokre av reiarlaget sine eksisterande skip:
- MS «Vesterålen» – I hurtigruta
- MS «Lofoten» – I hurtigruta
- MS «Finnmarken» (frå 1956) – Museumsskip
- DS «Børøysund» – I drift som veteranskip
- DS «Hestmanden» – Bevart
BakgrunnsstoffEndra
- digitalarkivet Reklameplakater for Vesteraalens Dampskibsselskab fra 1930-tallet.
- Riksarkivet - Prisliste frå 1917: «Vesteraalens Dampskibsselskab (Hurtigruterne) 2den Plads Priskurant»