Caxias do Sul
Caxias do Sul (portugisisk uttale [kaˈʃi. ɐz du ˈsuw]) er ein by i Rio Grande do Sul sør i Brasil, som ligg i det fjellrike området Serra Gaúcha. Han blei grunnlagd av italienske innvandrar den 20. juni 1890. I dag er han den nest største byen i delstaten Rio Grande do Sul. I 2020 estimerte ein folkesetnaden i byen til 517.451 menneske, mange av dei av italiensk og tysk avstamming. Nemninga for innbyggjarane i Caxias do Sul er caxiense.[2]
Caxias do Sul | |||
by | |||
Land | Brasil | ||
---|---|---|---|
Stat | Rio Grande do Sul | ||
Areal | 1 643,913 km² | ||
Folketal | 463 338 (2022)[1] | ||
Caxias do Sul 29°10′04″S 51°10′44″W / 29.167777777778°S 51.178888888889°W | |||
Wikimedia Commons: Caxias do Sul |
Historie
endreFør Caxias do Sul blei folkesett av italienske innvandrarar var det husdyrdrift og urfolk som budde i regionen. Den italienske innvandringa, hovudsakleg av bønder på leit etter eit betre liv frå Veneto, Lombardia, Trento (Nord-Italia) og andre regionar av Italia, byrja i 1875 i Nova Milano. Medan dei fekk statleg støtte som verktøy, forsyningar og frø, måtte dei også betala alt tilbake til regjeringa seinare.[3][4]
1. juni 1910 fekk Caxias do Sul status som by. Same dagen kom det fyrste toget som band saman regionen med delstatshovudstaden. Sjølv om innvandrarane var bønder, arbeidde mange av dei i andre økonomiske sektorar. Dei slo seg ned, urbaniserte området og byrja ei rask industrialisering.[5]
Folkesetnad
endreBefolkningsutvikling | ||
---|---|---|
År | Bef. | ±% |
1994 | 307 921 | — |
1996 | 325 694 | +5,8 % |
2000 | 360 419 | +10,7 % |
2004 | 396 419 | +10,0 % |
2008 | 427 858 | +7,9 % |
2012 | 446 911 | +4,5 % |
2020 | 517 451 | +15,8 % |
Språk
endrePortugisisk er det offisielle språket, og dermed hovudspråket som det blir undervist i ved skular. Eldre innbyggjarar kan ofte taliensk, eit regionalt språk basert på venetiansk, men som òg er påverka av andre italienske dialektar og portugisisk.[6]
Klima
endreVêrdata for Caxias do Sul (1981–2010) | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Høgast målte °C | 34,6 | 35,4 | 33,4 | 31,4 | 28,4 | 26 | 28,2 | 30,4 | 32,5 | 33 | 33,9 | 34,8 | 35,4 |
Gjennomsnittleg maks °C | 26,6 | 26,5 | 25,3 | 22,3 | 18,7 | 17,3 | 16,9 | 19,1 | 19,6 | 21,9 | 24,2 | 25,9 | 22 |
Døgnmiddeltemperatur °C | 21,2 | 21 | 19,9 | 17,3 | 14,1 | 12,7 | 12,1 | 13,4 | 14,2 | 16,7 | 18,4 | 20 | 16,8 |
Gjennomsnittleg min °C | 17,3 | 17,4 | 16,4 | 13,8 | 11,1 | 9,5 | 8,7 | 9,7 | 10,4 | 12,7 | 14,3 | 16 | 13,1 |
Lågast målte °C | 5,1 | 7,4 | 5,2 | 1,5 | −1,6 | −3 | −3 | −2,3 | −1,6 | 0,1 | 3,9 | 5,7 | −3 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 158,5 | 154,9 | 111,3 | 120,4 | 140,9 | 156 | 189,4 | 145,1 | 163,1 | 178,7 | 143,9 | 140,5 | 1 802,7 |
Gns. nedbørsdagar (≥ 1.0 mm) | 13 | 11 | 10 | 9 | 10 | 10 | 11 | 10 | 10 | 12 | 11 | 11 | 128 |
Gns. luftfukt (%) | 77,4 | 78,3 | 79,9 | 80,3 | 81,6 | 81,4 | 78,4 | 74,4 | 76,3 | 78,1 | 76,1 | 75,3 | 78,1 |
Gns. solskinstimar i månaden | 204 | 185,5 | 191,5 | 168,3 | 150,4 | 127,1 | 143,6 | 146,3 | 145,4 | 163,3 | 199,2 | 187,5 | 2 012,1 |
Kjelde: INMET[7] |
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.ibge.gov.br/estatisticas/sociais/populacao/22827-censo-demografico-2022.html?edicao=37225; vitjingsdato: 24. oktober 2023.
- ↑ «Caxias do Sul» (på portugisisk). Instituto Brasileiro de Geografia e Estatística. 2017. Henta December 20, 2017.
- ↑ Nome Arkivert November 17, 2015, ved Wayback Machine..
- ↑ Giron, Loraine Slomp.
- ↑ Sales, Fabiana de Lima.
- ↑ «Prefeitura Municipal de Caxias do Sul – RS». Arkivert frå originalen September 25, 2007. Henta January 31, 2008.
- ↑ «Normais climatológicas do Brasil 1981–2010» (på portugisisk). Instituto Nacional de Meteorologia. Henta October 22, 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Caxias do Sul» frå Wikipedia på engelsk, den 26. august 2023.
Bakgrunnsstoff
endre- City Hall of Caxias do Sul
- Street Map of Caxias do Sul
- Local Newspaper "O Pioneiro" (The Pioneer)
- The University of Caxias do Sul
- Juventude Soccer Club
- S.E.R. Caxias Soccer Club
- Caxias Bus Station and Schedules
- Caxias do Sul Tourist Guide
- Official Festa da Uva Site (The Grape Festival)
- Chateau Lacave Castle