Cecil G. Murgatroyd

Cecil G. Murgatroyd (22. mai 195821. mai 2001), kjend som berre Murgatroyd, var ein opphavleg newzealandsk satirikar med ei lang politisk karriere i dei to landa han hadde statsborgarskap i, Australia og New Zealand. Han stod ofte som direkte motstandar til den til ei kvar tid sitjande statsministeren. Høvesvis stilte han som kandidat for Det imperisk-britiske konservative partiet og Det seriøse partiet McGillicuddy.

Cecil G. Murgatroyd

Fødd22. mai 1958
Australia
Død21. mai 2001 (42 år)
Statsborgar avNew Zealand
PartiDet seriøse partiet McGillicuddy
Yrkepolitikar

Den politiske platformen til Murgatroyd var hovudsakleg absurd, men tilbakegang til arkaiske samfunnsformer viste seg som ein raud tråd i agitasjonen has. I debatten om monarkiet i Australia gjekk han til val på å gjenskape det britiske imperiet, og under den australske røystinga om monarkiet kom han med eit framlegg om å sette britiske prinsesse Anne på ei eiga australsk trone.

Murgatroyd døydde av kreft i Melbourne i 2001. Ein biografi om livet hans vart gjeven ut i 2003.

Kjelder endre

  • Engelsk Wikipedia om Murgatroyd, henta inn 22. februar 2012.