Cecilie Ramona Kåss Furuseth
Cecilie Ramona Kåss Furuseth (fødd 12. april 1984) er ein norsk programleiar på radio og TV.
Cecilie Ramona Kåss Furuseth | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 12. april 1984 (40 år) Jessheim |
Yrke | journalist, radioprogramleiar, programleiar, podkastvert, vaktsjef |
Organisasjon | Norsk rikskringkasting |
Kåss Furuseth har tidlegare jobba som produsent for P3morgen. Frå 2013 til 2016 var ho programleiar for Ramona og Siggen med Sigrid Velle Dypbukt på NRK P3. Sidan 2016 har ho leia radioprogrammet The Kåss Furuseths med systera Else Kåss Furuseth.[1]
I 2019 var Kåss Furuseth programleiar for TV-programmet Sinnssykt på NRK3.
Familie
endreKåss Furuseth er tremenning av legen og politikaren Robin Martin Kåss, som i 2015 vart ordførar i Porsgrunn kommune.
Referansar
endre- ↑ «- Kåss Furuseth-søstrene sammen på radio». vg.no. 11. november 2016. Henta 23. mars 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Cecilie Ramona Kåss Furuseth» frå Wikipedia på bokmål, den 23. november 2021.