Cellosuite No. 1 i G-dur, BWV 1007

Cellosuite No. 1 i G-dur, BWV 1007, er ein suite for cello skriven av Johann Sebastian Bach og den første av seks cellosuitar. Ein trur at dei seks suitane vart skrivne mellom 1717 og 1723, då Bach var tilsett ved hoffet til prins Leopold av Anhalt-Köthen og hadde to flinke solocellistar, Bernard Christian Linigke og Christian Ferdinand Abel, hos seg. Dei tidlegaste kopiane av suitane er derimot frå 1726, og ein har ingen signerte kopiar. Ein kjenner derfor ikkje til kva av suitane som vart skriven først.

Cellosuite No. 1 i G-dur
BWV 1007
Suite av Johann Sebastian Bach
SjangerKammermusikk
PeriodeBarokken
Komponertkring 1720
Publiseringsdato1825 i Leipzig
Typisk lengd18:15
Satsar/akter7
ToneartG-dur

Denne suiten i G-dur har ei kjensle av uskuldig enkeltheit, og er ei flott opning på desse usedvanlege verka.[1] Kvart stykke har ein atmosfære utan melodiar, men med eit sterkt rytmisk mønster, utspekulerte utarbeidde harmoniar og stemningsfulle teksturar.[1] Bach nyttar korte arpeggio-frasar til å byggje crescendoar og decrescendoar.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Blair Johnston. «Suite for solo cello No. 1 in G major, BWV 1007». Allmusic. Henta 26. april 2010.