Châlons-en-Champagne
(Omdirigert frå Châlons-sur-Marne)
Châlons-en-Champagne er ein by og kommune nordaust i Frankrike. Han er préfecture (administrasjonsstad) i departementet Marne i den tidlegare regionen Champagne-Ardenne og har om lag 50 000 innbyggjarar.
Châlons-en-Champagne | |||
---|---|---|---|
Notre-Dame-en-Vaux | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Region Departement |
Frankrike Champagne-Ardenne Marne | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 26,05 km² | ||
Flatevidd - By |
26,05 km² | ||
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
47 339 1 817/km² | ||
Koordinatar | 48°57′N 04°22′E / 48.950°N 4.367°E | ||
Høgd over havet | 83 m | ||
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) UTC+2 (UTC) | ||
Diverse anna | |||
Postnummer | 51000 | ||
Heimeside: www.chalons-en-champagne.net |
Tidlegare var byen kalla Châlons-sur-Marne, men byen vart offisielt kalla Châlons-en-Champagne i 1998.
Historie
endreEin meiner at Châlons er same stad som Den katalaunske sletta der Slaget ved Châlons i 451 enda framrykkinga til Attila.
I mellomalderen vart byen styrt av biskopar som bygde fleire kyrkjebygg i byen, som katedralen Saint-Etienne, Notre-Dame-en-Vaux og Saint-Jean.