Châlons-en-Champagne

(Omdirigert frå Chalons-en-Champagne)

Châlons-en-Champagne er ein by og kommune nordaust i Frankrike. Han er préfecture (administrasjonsstad) i departementet Marne i den tidlegare regionen Champagne-Ardenne og har om lag 50 000 innbyggjarar.

Châlons-en-Champagne
Notre-Dame-en-Vaux
Notre-Dame-en-Vaux
Notre-Dame-en-Vaux
Byvåpenet til Châlons-en-Champagne
Byvåpenet til Châlons-en-Champagne
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Champagne-Ardenne
Marne
Geografi
Flatevidd 26,05 km²
Flatevidd
 - By

26,05 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

47 339
  1 817/km²
Koordinatar 48°57′N 04°22′E / 48.950°N 4.367°E / 48.950; 4.367
Høgd over havet 83 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 51000
Heimeside: www.chalons-en-champagne.net

Tidlegare var byen kalla Châlons-sur-Marne, men byen vart offisielt kalla Châlons-en-Champagne i 1998.

Historie

endre

Ein meiner at Châlons er same stad som Den katalaunske sletta der Slaget ved Châlons i 451 enda framrykkinga til Attila.

I mellomalderen vart byen styrt av biskopar som bygde fleire kyrkjebygg i byen, som katedralen Saint-Etienne, Notre-Dame-en-Vaux og Saint-Jean.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Châlons-en-Champagne