Tsjandra
(Omdirigert frå Chandra)
- «Chandra» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå Chandra (fleirtyding).
Tsjandra, også stava Chandra, er guden for månen i hinduismen. Ordet tsjandra betyr ganske enkelt 'måne' på sanskrit. Guden er lysande kvit og reiser over himmelen kvar natt i vogna si, som blir trekt av ti kvite hestar eller ein antilope. Han blir også kalla Soma.
Som månegud og den ein meinte la ut dogg var Tsjandra sett på som ein grødegud, og par som ønskte seg ungar, kunne be til han.
Tsjandra er far til Budha (planeten Merkur) og gift med daksjadøtrene Anuradha og Bharani.
Som namn
endreGudenamnet blir brukt som personnamn for både kvinner og menn. Det kan også stavast Chander, som er hindiversjonen av Chandra. Det er vanlegast å bruka i namnesamansetjingar, som Harishchandra, Ramachandra eller Chandrasekhar. Nokre namneberarar er:
- Tsjandragupta Maurya, indisk herskar frå 300-talet f.Kr.
- Subrahmanyan Chandrasekhar (1910-1995), indisk-amerikansk fysikar og astronom
- Teleskopet Chandra er kalla opp etter den indiske astronomen Subrahmanyan Chandrasekhar. Det same gjeld asteroiden 1958 Chandra.
Bakgrunnsstoff
endre- Kort presentasjon med bilde på namaste.it Arkivert 2006-01-14 ved Wayback Machine.