Charitybreen
Charitybreen er ein isbre som ligg nord for Barnard Point på Rozhen Peninsula på Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Han vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee i 1958 etter briggen «Charity» (kaptein Charles H. Barnard), som var ein del av flåten av amerikanske selfangarar frå New York som vitja Sør-Shetlandsøyane i 1820–21, og opererte hovudsakleg frå Yankee Harbor på Greenwich Island. «Charity» vitja òg øyane året etter.
Charitybreen | |||
isbre | |||
Charitybreen frå innløpet til False Bay, med Canetti Peak til venstre.
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane | ||
- koordinatar | 62°44′S 60°20′W / 62.733°S 60.333°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Charitybreen 62°44′00″S 60°20′00″W / 62.7333°S 60.3333°W | |||
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Charity Glacier» frå Wikipedia på engelsk, den 25. januar 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Charitybreen» (innhald frå Geographic Names Information System).