Charles Michel
belgisk advokat og politikar
Charles Michel (fødd 21. desember 1975 i Namur) er ein belgisk politikar som var statsminister i Belgia frå 11. oktober 2014 til 27. oktober 2019.[1] Sidan 1. desember 2019 har han vore president for Det europeiske råd.[2] Før det var han leiar for Mouvement Réformateur («Reformrørsla»), som er eit fransk-språkleg liberalt/konservativt politisk parti. Partiet har sine røter i det opphavlege liberale partiet som vart splitta i 1970 ved at dei flamsk-språklege braut ut og skipa sitt eige parti.
Charles Michel | |
![]() | |
Fødd | 21. desember 1975 (47 år) Namur |
---|---|
Statsborgar av | Belgia |
Parti | Mouvement Réformateur |
Yrke | politikar, advokat, deltakar i internasjonale forum |
Utdanna ved | Université libre de Bruxelles Universitetet i Amsterdam |
Far | Louis Michel |
Sambuar | Amélie Derbaudrenghien |
KjelderEndra
- ↑ «Belgium swears in new Prime Minister Charles Michel» (på engelsk). The Independent. 11. oktober 2014. Henta 14. november 2017.
- ↑ «Biography of Charles Michel» (på engelsk). Det europeiske råd. Henta 3. mars 2023.