Charlotte Perkins Gilman

amerikansk poet

Charlotte Perkins Gilman (3. juli 186017. august 1935) var ein amerikansk forfattar som skreiv skjønnlitteratur og sakprosa. Ho tok særleg opp tema rundt kvinneliv, arbeid og økonomi.

Charlotte Perkins Gilman
Charlotte Perkins Gilman c. 1900.jpg
Fødd 3. juli 1860Rediger på Wikidata
Hartford
Død

17. august 1935
Pasadena

Yrke lyrikar, romanforfattar, filosof, sosiolog, skribent, kunstnar, samfunnsøkonom, feminist, redaktør, suffragette
Far Frederic Beecher Perkins
Mor Mary Ann Fitch Westcott
Ektefelle Charles Walter Stetson
Charlotte Perkins Gilman på Commons

Charlotte Anna Perkins var fødd i Hartford i Connecticut til Mary Perkins og redaktøren og bibliotekaren Frederic Beecher Perkins, som forlet familien i fattigdom då ho var lita. Charlotte Perkins hadde tre inspirerande tanter: Harriet Beecher Stowe, som skreiv Hytta hans farbror Tom, utdanningsforkjemparen Catharine Beecher og suffragetta Isabella Beecher Hooker.

Charlotte gifta seg med kunstnaren Charles Walter Stetson i 1884. Året etter fekk dei sitt einaste barn, Katharine Beecher Stetson, og Charlotte Stetson fekk ein alvorleg fødselsdepresjon, ei liding som var lite forstått på denne tida. Ho blei behandla med ein kvilekur som berre gjorde henne verre. Opplevinga inspirerte novella ho er blitt mest kjend for i ettertid, «The Yellow Wall-Paper».

Charlotte og Charles Stetson separerte seg i 1888 og skilde lag i 1894, uvanlege handlingar på den tida. Etter skilsmålet sende ho dottera for å bu med faren og den nye kona hans, ettersom ho også trudde på farsrettar.

Charlotte slo seg ned i San Francisco, ei tid hjå journalisten Adeline Knapp som delte interessa hennar for samfunnsreform og Nationalist Club, eit lag bygd på Edward Bellamy sine utopitankar. Ho blei også kjend med ei rekke forfattarar som Edwin Markham, Ina Coolbrith, Joaquin Miller og Charles F. Lummis.

Ho gav ut si første bok, Gems of Art for the Home and Fireside, i 1888. «The Yellow Wall-Paper», kom ut i 1892. I samtida blei ho likevel kjend for den satiriske diktsamlinga In This World frå 1893. I løpet av dei neste to tiåra heldt ho førelesingar om kvinnerettar, etikk, arbeidsliv, menneskerett og samfunnsreform, tema ho også tok opp i diktinga si. Gilman blei verdskjend for Women and Economics frå 1898, og heldt talar i Europa i 1903 og 1904, mellom anna på Den internasjonale kvinnekongressen i Berlin.

Charlotte Perkins var redaktør for det litterære vekebladet The Impress i 1894-95. Frå 1909 til 1916 skreiv og redigerte ho sitt eige blad, The Forerunner.

I 1900 gifta Charlotte seg med syskenbarnet George Houghton Gilman, ein advokat. Ekteskapet varte til han døydde i 1934.

I 1932 fekk Charlotte Gilman vita at ho hadde brystkreft som ikkje kunne opererast. I tråd med trua si på eutanasi for ulækjelege sjuke tok ho livet sitt i august 1935 med kloroform.

BibliografiEndra

(ufullstendig)

  • The yellow wallpaper
  • Women and Economics.1898
  • The Diaries of Charlotte Perkins Gilman (sjølvbiografi)

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

 

Originaltekst av Charlotte Perkins Gilman ved Wikisource.