Chaumont
(Omdirigert frå Chaumont i Haute-Marne)
Chaumont er ein by og kommune nordaust i Frankrike. Han er préfecture (administrasjonsstad) i departementet Haute-Marne i Grand Est. Byen har om lag 30 000 innbyggjarar (2002) og ligg ved elva Marne.
Chaumont | |||
---|---|---|---|
| |||
Styresmakter | |||
Land Region Departement |
Frankrike Grand Est Haute-Marne | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 55,26 km² | ||
Flatevidd - By |
55,26 km² | ||
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
25 996 470/km² | ||
Koordinatar | 48°06′N 05°08′E / 48.100°N 5.133°E | ||
Høgd over havet | 314 m | ||
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) UTC+2 (UTC) | ||
Diverse anna | |||
Postnummer | 52000 | ||
Heimeside: www.ville-chaumont.fr |
Geografi
endreByen ligg ved elva Marne og jernbanen mellom Paris og Basel, som går over ei 52 meter høg og 600 meter lang viadukt som vart bygd her i 1856.
Historie
endreChaumont var ein gong setet til grevane av Bassigny og seinare av Champagne. I 1814 signerte Storbritannia, Austerrike, Preussen og Russland ein avtale mot Napoleon I her. Chaumont vart bomba i 1940 og 1944 under den andre verdskrigen.