Cheap Thrills
Cheap Thrills Studioalbum av Big Brother and the Holding Company | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 12. august 1969 | |
Innspelt | 2. mars til 20. mai 1968 | |
Sjanger | ||
Lengd | 37:11 | |
Selskap | Columbia | |
Produsent | John Simon | |
Big Brother and the Holding Company-kronologi | ||
---|---|---|
Big Brother & the Holding Company (1967) |
Cheap Thrills | Be a Brother (1970) |
Janis Joplin-kronologi | ||
Big Brother & the Holding Company (1967) |
Cheap Thrills | I Got Dem Ol' Kozmic Blues Again Mama! (1969)
|
Cheap Thrills er det andre albumet til Big Brother and the Holding Company og det siste albumet deira med Janis Joplin som vokalist.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Encyclopedia of Popular Music | [2] |
Entertainment Weekly | A–[3] |
Q | [4] |
The Rolling Stone Album Guide | [5] |
Innspeling
endreBig Brother fekk mykje merksemd under konserten deira i 1967 på Monterey Pop Festival og hadde gjeve ut debutplata kort tid etter. Trass i den gryande suksessen, vart berre albumet ein liten hit, og nådde berre 60. plass på albumlista, sjølv om singelen «Down On Me» nesten nådde Topp 40. Columbia Records gav bandet ein ny platekontrakt, men det tok månader fordi dei framleis var under kontrakt med Mainstream Records.[1] Albumet inneheldt tre coversongar («Summertime», «Piece of My Heart», «Ball and Chain»). Med på albumet var òg Bill Graham, som introduserer bandet i byrjinga av «Combination of the Two». «Combination of the Two», «I Need a Man to Love» og den nesten ti minuttar lange «Ball and Chain» er dei einaste konsertopptaka på plata. Det upolerte lydbiletet på plata fangar energien frå konsertane deira.
Plateomslag og tittel
endrePlateomslaget vart teikna av teikneserieteiknaren Robert Crumb etter at den første ideen til bandet, eit bilete av dei nakne i ei seng i lag, vart droppa av plateselskapet. Teikna til Crumb var opphavleg meint for baksida av omslaget. Joplin ønskte derimot at teikna skulle på framsida.[6] Plateomslaget er på niandeplass på lista til Rolling Stone over dei hundre beste plateomslaga gjennom tidene.
Opphavleg skulle albumet heite Sex, Dope and Cheap Thrills, men tittelen vart ikkje godkjend av Columbia Records.
Suksess og ettermæle
endreAlbumet kom ut sommaren 1968, eitt år etter debutplata, og gjekk heilt til topps på albumlista i oktober same året. Det låg på førsteplassen totalt i åtte veker, medan singelen «Piece of My Heart» òg vart ein stor hit. Mot slutten av året hadde albumet vorte eit av dei mestseljande i 1968, med nesten ein million selde eksemplar. Suksessen vart derimot kortvarig for Janis Joplin forlet bandet for å starte ei solokarriere i desember 1968. I 2003 vart albumet rangert på 338. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene. Tidlegare, i 1987, hadde magasinet plassert albumet på 50. plass på lista deira over dei 100 beste albuma dei siste 20 åra. Det vert ofte rekna som ei av dei viktigaste platene frå slutten av 1960-åra, og finst òg i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Combination of the Two» | Sam Andrew | 05:47 |
2. | «I Need a Man to Love» | Andrew, Joplin | 04:54 |
3. | «Summertime» | George Gershwin, Ira Gershwin, DuBose Heyward | 04:00 |
4. | «Piece of My Heart» | Bert Berns, Jerry Ragovoy | 04:15 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
5. | «Turtle Blues» | Joplin | 04:22 |
6. | «Oh, Sweet Mary» | Peter Albin, Andrew, David Getz, James Gurley, Joplin | 04:16 |
7. | «Ball and Chain» | Big Mama Thornton | 09:02 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
8. | «Roadblock» (unytta studiopptak) | 05:31 |
9. | «Flower in the Sun» (unytta studiopptak) | 03:04 |
10. | «Catch Me Daddy» (live) | 05:32 |
11. | «Magic of Love» (live) | 03:58 |
Medverkande
endre- Janis Joplin - Vokal
- Peter Albin – Bass, gitar
- Sam Andrew – Bass, gitar, vokal
- James Gurley - Bass, gitar
- David Getz - Piano, trommer
- John Simon - Piano, produsent
Salslister
endreListe (1968) | Plassering |
---|---|
Billboard Top LPs | 1 |
Salstrofé
endreRegion | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
USA (RIAA)[7] | 2× Platina | 2,000,000^ |
^salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Cheap Thrills (Big Brother and the Holding Company album)» frå Wikipedia på engelsk, den 6. februar 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 {{Allmusic|class=album|id=r1840|tab=review |selskap=«Big Brother & the Holding Company: Cheap Thrills > Review» |first1=William |last1=Ruhlmann |first2=Bruce |last2=Eder |accessdate=1. september 2018
- ↑ Larkin, Colin (2011). «Big Brother and the Holding Company». The Encyclopedia of Popular Music (5th utg.). Omnibus Press. s. 2006. ISBN 0857125958. Henta 1. september 2018.
- ↑ Weingarten, Marc (1999). Entertainment Weekly (New York) (October 1): 75. «...a blues-rock apotheosis, with Joplin's primal scream scraping up against Big Brother's willfully deranged, acid-stoked boogie...»
- ↑ Q (London) (November): 156. 1999.
- ↑ Evans, Paul (2004). «Big Brother and the Holding Company». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian David. The New Rolling Stone Album Guide. Simon & Schuster. s. 70. ISBN 0743201698. Henta 1. september 2018.
- ↑ http://www.drewfriedman.net/prints/cheap-thrills.html
- ↑ «American album salstrofé – Janis Joplin – Cheap Thrills». Recording Industry Association of America. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
373: Hot Buttered Soul Isaac Hayes |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2020 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 372 Cheap Thrills Big Brother and the Holding Company |
371: Anthology The Temptations |
339: The Heart of Saturday Night Tom Waits |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2012 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 338 Cheap Thrills Big Brother and the Holding Company |
337: Aqualung Jethro Tull |