Opna hovudmenyen
Hot Buttered Soul
Studioalbum av Isaac Hayes
Utgjeve Tidleg i juli 1969
Innspelt Våren/tidleg sommar 1969
Ardent Studios
(Memphis i Tennessee)
Tera Shirma Studios
(Detroit)
Sjanger Soul
Lengd 45:24
Selskap Enterprise
1001
Produsent Al Bell, Marvell Thomas, Allen Jones
Isaac Hayes-kronologi
Presenting Isaac Hayes
(1968)
Hot Buttered Soul The Isaac Hayes Movement
(1970)


Hot Buttered Soul er det andre studioalbumet til den amerikanske soulmusikaren Isaac Hayes. Det kom ut 23. september 1969 og er rekna som ein milepåle i soulmusikken.[1][10]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[1]
Robert Christgau(C)[2]
The Daily Vault(A)[3]
MusicHound5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[4]
Paste(9.7/10)[5]
Pitchfork Media(9.2/10)[6]
Rhapsody(positiv)[7]
Rolling Stone4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[8]
Virgin Encyclopedia4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[9]

BakgrunnEndra

Hayes debuterte som soloartist i 1968 med Presenting Isaac Hayes, men det hadde seld dårleg for plateselskapet Stax Records. Hayes var på veg attende til rolla si i bakgrunnen som produsent og låtskrivar då selskapet brått mista heile katalogen sin etter å ha brote seg laus frå ein avtale med Atlantic Records i mai 1968.[11] Stax-sjefen Al Bell avgjorde då å gje ut 27 album og 30 singlar, nesten på ein gong, og gav alle artistane i stallen til Stax om å spele inn nye songar, og oppfordra somme av låtskrivarane på Stax, som Hayes og gitaristen Steve Cropper, om å gje ut soloalbum.[11]

Ettersom Hayes kjende seg brend av det dårlege salet og den kreative floppen det første albumet hadde vore, sa han til Bell at han berre kom til å spele inn eit nytt album om han fekk fullstendig kunstnarisk kontroll. Sidan det var Bell som hadde oppfordra Hayes til å spele inn Presenting... til å byrje med, gjekk han med på dette kravet.[11]

Produksjon og utgjevingEndra

Det meste av den endelege produksjonen vart utført som ein del av ein produktpakke teken til Detroit av produsenten Don Davis for å framskunde produksjonsprosessen. Styrkarane og blåsarane vart arrangerte av Johnny Allen.[11] Produsentane såg etter ein sveipande orkesterstil som kunne forsterke dei beinsolide rytmespora. Strykarane og blåsarane vart spelt inn i United Sound Studios av lydteknikaren Ed Wolfrum med vokal og endeleg miksing i Tera Shirma av lydteknikaren Russ Terrana.[11]

Albumet kom ut på slutten av 1960-åra og sette standarden for korleis soul skulle utvikle seg tidleg i 1970-åra, og etablerte samstundes Isaac Hayes og the Bar-Kays som stor stjerner innan svart musikk.[1] Songane på albumet er strekte langt utover standardlengda på 3-4 minuttar med lange instrumentale parti, der the Bar-Kays stal søkelyset, og introduserte ein ny, ikonisk person for soul med Hayes sitt tøffe, men likevel sensuelle image.[1] Albumet inneheld berre fire songar. «Walk on By» er ein episk, 12 minuttar lang song med strykarar og ein pumpande, mellomrask rytme og basslinje. «Hyperbolicsyllabicsequedalymistic» er ein funksong, medan «One Woman» er den minst episke med ei lengd på berre like over fem minuttar. Denne songen er ein kjærleiksballade. Albumet vert avslutta med den 18 minuttar lange versjonen av «By the Time I Get to Phoenix», som byrjar med ein lang monolog før sjølve songen byrjar etter åtte og eit halv minutt.

MottakingEndra

Albumet kom ut tidleg i juli 1969 og gjekk inn på Billboardlista den 12. juli 1969. Det nådde åttandeplassen på den amerikanske Billboardlista, og gjekk heilt til topps på både R&B-lista og Jazz Album-lista.

Det amerikanske punkikonet Henry Rollins har ofte omalt Hot Buttered Soul som eit av favorittalbum ahnas. Rollins intervjua seinare Hayes i boka si Do I Come Here Often?.[12]

InnhaldEndra

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Walk On By» (Burt Bacharach, Hal David) 12:03
2. «Hyperbolicsyllabicsesquedalymistic» (Isaac Hayes, Alvertis Isbell) 9:38
Side to
# Tittel Lengd
3. «One Woman» (Charles Chalmers, Sandra Rhodes) 5:10
4. «By the Time I Get to Phoenix» (Jimmy Webb) 18:42

MedverkandeEndra

  • Isaac Hayes – vokal, klaverinstrument
  • Marvell Thomas – produsent, klaverinstrument
  • The Bar-KaysWillie Hall, trommer; James Alexander, bass; Michael Toles, gitar
  • Al Bell – produsent, overvakande produsent
  • Allen Jones – produsent
  • Johnny Allen - arrangør
  • Terry Manning – lydteknikar
  • Ed Wolfrum – lydteknikar, miksing
  • Russ Terrana – miksing
  • Joe Tarantino – mastering
  • Bill Dahl – tekst i plateomslag
  • Kate Hoddinott – design
  • Bob Smith – fotografi
  • Honeya Thompson – kunstnarisk leiar
  • Christopher Whorf – design

SamplingarEndra

Versjonen av «Walk on By» er blitt sampla av mange artistar: «2Wicky» av Hooverphonic, «Call My Name» av 112, «Chyna Whyte» av Foxy Brown, «Dead Bent» av MF DOOM, «Dead Bent» (original 12"-versjon) av M.F. DOOM, «I Can’t Go to Sleep» av «Wu-Tang Clan» med Isaac Hayes, «Lickupon» av Viktor Vaughn, «Me Against the World» av 2Pac med Dramacydal, «No Other Love» av Faith Evans, «Only God Knows» av Bushwick Bill, «Real» av clipping med Ezra Buchla, «Walk on By» av Pete Rock, «Warning» av The Notorious B.I.G. og «Whatta You Know» av Cypress Hill.

«Hyperbolicsyllabicsesquedalymistic» er blitt sampla av «Black Steel in the Hour of Chaos» av Public Enemy, «I Gotta Say What Up!!!» av Ice Cube, «Nuage sans fin» av Fabe og «Remedy» av The Game.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Jason Birchmeier. «Hot Buttered Soul - Isaac Hayes | Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 15. august 2016. 
  2. «CG: isaac hayes». Robert Christgau. Henta 15. august 2016. 
  3. «The Daily Vault Music Reviews :». Dailyvault.com. 15. april 2008. Henta 15. august 2016. 
  4. «Hot Buttered Soul». Acclaimed Music. Henta 15. august 2016. 
  5. Deusner, Stephen M. «Isaac Hayes: Hot Buttered Soul». Pastemagazine.com. Henta 15. august 2016. 
  6. «Isaac Hayes: Hot Buttered Soul | Album Reviews». Pitchfork. 29. juni 2009. Henta 15. august 2016. 
  7. Jon Pruett (1. januar 1969). «Hot Buttered Soul by Isaac Hayes». Rhapsody. Henta 15. august 2016. 
  8. «The New Rolling Stone Album Guide - Nathan Brackett, Christian David Hoard - Google Books». Books.google.com. Henta 15. august 2016. 
  9. «Hot Buttered Soul». Acclaimed Music. Henta 15. august 2016. 
  10. Easlea, Daryl (2009). «Isaac Hayes Hot Buttered Soul Review». BBC. Henta 4 February 2014. 
  11. 11,0 11,1 11,2 11,3 11,4 «Soulsville, U.S.A.: The Story of Stax Records - Rob Bowman - Google Books». Books.google.com. Henta 15. august 2016. 
  12. «Isaac Hayes». Wondering Sound. Henta 15. august 2016.