Opna hovudmenyen
Chelone


Chelone glabra
Chelone glabra

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Lamiales
Familie: Plantaginaceae
Slekt: Chelone
Vitskapleg namn
Chelone
Chelone lyonii
Chelone obiqua

Chelone eller skjoldblomslekta (alt. duehovudslekta) (eng. turtlehead ) er ei slekt med 4 artar[1] av fleirårige, urteaktige plantar i maskeblomfamilien som veks naturleg i austre del av Nord-Amerika.[1][2] Dei har opprett vekst og motsette, heile blad. Alle artane har alle ilk form på blomen som kan variere i farge frå kvit til raud, purpur eller lilla.[1] C. cuthbertii, C. glabra og C. lyonii er diploide og C. obliqua er anten tetraploid eller hexaploid.[1] Blomane er samla i endestilte blomsterstandar. Dei einskilde blomane er 5-tallige og sterkt uregelmessige med samanvaksne, oppblåste kroner. Fruktene er todelte kapslar med mange frø.

EtymologiEndra

Sidan dei har alle ilk form på blomen har gitt namn som duehovud på nordiske språk sidan blomen skal likne på eit hovudet til ei due. På engelsk er namnet turtlehead av det blomen liknar på hovudet (head) på ei skjelpadde (turtle).

Slektskap til andre plantarEndra

Dei næraste slektene til Chelone er Chionophila og Nothochelone frå det vestlege Nord-Amerika.[1] Den er òg nærare i slekt med Collinsia enn andre slekter i maskeblomfamilien enn slekter som Antirrhinum, Plantago, and Digitalis.[3]

ArtarEndra

Slektskapen mellom dei ulike populasjonane er komplisert og det ser ut til at C. obliqua faktisk har oppstått fleire gongar frå diploide forfedre av dei andre tre artane..[1] Dei fire artane ser ut til å ha skilt lag ganske nyleg.[1]

BakgrunnsstoffEndra

ReferansarEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 1,9 Allan D. Nelson and Wayne J. Elisens (1999). «Polyploid evolution and biogeography in Chelone (Scrophulariaceae): morphological and isozyme evidence». American Journal of Botany (Botanical Society of America) 86 (10): 1487–1501. JSTOR 2656929. PMID 10523288. doi:10.2307/2656929. 
  2. «Chelone L.». 
  3. Olmstead, R. G., dePamphilis, C. W., Wolfe, A. D., Young, N. D., Elisons, W. J. & Reeves P. A. (2001). «Disintegration of the Scrophulariaceae». American Journal of Botany (Botanical Society of America) 88 (2): 348–361. JSTOR 2657024. PMID 11222255. doi:10.2307/2657024. 
  4. «Chelone glabra». PLANTS. 
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Chelone