Chemtrails («kjemikaliespor») er eit omgrep som konspirasjonsteoretikarar nyttar for å skildra noko som vert sagt at er utslipp av aerosol frå fly. I følgje fotografi på dei mange nettstadane som omtalar chemtrails kan mønstera som vert danna på himmelen vera anten nøyaktige rutemønster eller meir tilfeldige striper.

Eit høgtflygande jetfly som etterlèt seg kondenseringsspor (contrail).

Chemtrails som konspirasjonsteori hevdar at ein del visuelle spor etterlatne av flytrafikk er kjemiske eller biologiske stoff som vert medvite spraya over himmelen av årsaker som vert haldne løynleg for allmenta og vert utført av ulike styresmakter. Denne konspirasjonsteorien har fleire gongar vorte tilbakevist av det vitskaplege samfunnet: slike spor er normale spor og avsetningar, mellom anna frå kondensering. Ettersom konspirasjonsteorien er populær mottek offentlege kontor mange førespurnadar frå folk som krev ei forklaring. Vitskapsmiljø og styresmakter over heile verda har fleire gongar svara at dei såkalte kjemikaliesporene er ikkje anna enn heilt normale avsetningar frå fly over himmelen.[1][2][3][4][5]

Sjå òg endre

Referansar endre

  1. Hevder flystriper er hemmelig kjemikaliesprøyting Bergensavisen
  2. Watson, Traci (7. mars 2001): «Conspiracy theories find menace in contrails». USA Today. Sitat: «The theory: The white lines of condensed water vapor that jets leave in the sky, called contrails, are a toxic substance the government deliberately sprays on an unsuspecting populace.»
  3. «Contrails Facts» (PDF). AFD-051013-001. US Air Force. 13. oktober 2005. Arkivert fra originalen (PDF) den 6. mars 2013.
  4. Unkefer, Charlie: «Citizen concern lingers over aluminum in water» Arkivert 2012-02-16 ved Wayback Machine.. Mount Shasta Area Newspapers.
  5. Downing, Bob (16. mars 2002): «Conspiracy theorists look up: Some argue jet contrails are U.S. chemical spray». Beacon Journal News

Bakgrunnsstoff endre